A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehagen

Månadsbrev for mai

Her kan du lese og sjå på bilete av kva me har gjort i mai.

Månadsbrev for mai.

 

Fyrste delen av mai månad har gått til å forberede til 17 mai. Me har laga flagg som me har hengt opp i glasi, me har hatt samlingar om tema, me har ete rømmagraut og me har øvd på 17.mai songar i lag med skulen. Me har òg våre mykje ute der me òg har raka lauv og ordna på plenen. Det var mange flinke arbeidskarar og damer som jobba med å køyre vekk alt lauvet i hengarar, trillebårer og bøtter.

 

Me har våre mykje ute og nyt at sommaren er på veg. Me har tatt i bruk lavvoen der me steikte pølser og fiskekaker som me åt med pølsebrød og pitabrød. Denne dagen sat me utafor lavvoen i sola og åt.

 

 

 

Me  har hatt fleire eventyrstunder der me deler oss i grupper og lagar eller høyrer eventyr. Me har brukt forteljarkorti våre, lese eventyrbøker, brukt flanellograf og laga eventyr med hjelp av leiker i ein pose. 2010-gruppa har som vanleg hatt samarbeid med skulen. Dei har hatt gymtimar, bading og skulebesøk.

 

19 mai gjekk ei gruppe tur i skogen, og leika ei stund nede ved hytta og uteområdet til skulen. Det var veldig kjekt å klatre, henge i taua og leike i hytta. 30 mai fekk ei anna gruppe ta med seg matpakke og gjekk ein tur opp i Vamberg.

 

 

 

 

 

 

Den 25 mai var me så heldige å få besøk av nokre bestefedrer som var med oss å lage fuglatiter. Dette var veldig kjekt, og alle hadde på eit tidspunkt ei fuglatite med lyd! Me song fuglatitesongen og når alle hadde fått seg ei tite kosa me oss med ein is i lag med dei flinke hjelparane våre.

 

 

 

 

Else Marie og Ida Kristine hadde med seg instrumenta sine, og fekk synt fram fela og trekkspelet til ungane i barnehagen og 2 klassen på skulen. Det vart ei fin stund der me dansa, song og spelte på pinnane våre.

 

 

 

Me har studert løvetannen: hatt samling der me smakte på, lukta og studerte den i lupe. Me snakka om kva me kunne gjere med den og så delte me stilken og la i vatn. Såg korleis den krølla seg. Etterpå gjekk me ut og måla med løvetannen som målekost. Seinare på dagen krølla me meir løvetannstilk i vatn.

 

 

5 klassen inviterte heile barnehagen på dokketeater, song og leik. Me hadde ein veldig fin føremiddag ilag med dei. Dei synte eventyret om rødhette og ulven, det var så spennande at dei måte vise det to gonger! Så hadde me litt songleikar før me fekk leike litt. Det var sett fram bl.a klossar, bilar, gyngeleiker og teiknesaker.

 

 

 

Me har feira Amund, Aksel og Nora 4 år, Vebjørn 6 år!

 

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS