A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehagen

Månadsbrev for November

Her kjem oppsummering av november i barnehagen.

MÅNADSBREV FOR NOVEMBER 2016

 

November har vore ein månad med regne, sol og snø. Mange dagar har me avslutta dagen med uteleik på slutten av dagen. Det var stor stas då snøen kom, og me har vore mykje i akebakken vår. Snømenn har me laga dei dagane snøen har vore kram nok til det.

 

Englar i snøen……..

 

Ei folkemusikkøkt har me fått til, ilag med Else-Marie, Ida Kristine og 1-3 klassen. Me song, dansa og brukte rytmeinstrumenta våre.  

Luster Sparebank inviterte oss til å teikne teikningar til dei, slik at dei kunne dekorere vindauga i banken med det i Sparebankveka. Me teikna med utgangspunkt i tema «leik og moro».  Kanskje nokon har vore forbi banken og sette teikninga si?

November har lesing vore i fokus. Me har hatt fleire økter med lesegrupper, der me har delt barna inn i smågrupper. Dei yngste har brukt bildebøker og eventyr på flanellograf.  Eller har me brukt bøkene Den grøne votten, Det er ein elefant i barnehagen, og  Hendrik And, Jakob og Neikob m fl.

 

Kjekt å ha kram snø til å lage seg snømann…..

 

3-4 åringane har hatt tre økter ilag med 1. klassen med Språkleik. Her deler me oss i tre grupper på tvers av alder. Kvar gruppe har ein vaksen med seg, og målet for økta er å ha rolleleik kombinerte med å skrive enkle ord og tekstar som ein treng i leiken. Kvar gruppe har eit gitt tema, og alle tre gruppene er innom dei ulike leikestasjonane. Me har brukt leikestasjonar med tema: Bresenteret, Skuletime og Bondegård. Me avsluttar kvar økt med at alle reiser på Bresenteret å kjøper seg mat og går på kafe.

 

Me samarbeider, systimatiserar, sorterer og utvekslar kunnskap om det me kan….

Skuleøkt, der ein 1.kl elev er den som er lærar og forklarar korleis me skal skrive bokstavar på tavla.

På bresenteret er det laga kafe der du får kjøpt både mat og drikke. Du må hugse å lage deg pengar før du kjem for å kjøpe.

2-åringane har hatt fleire økter med hinderløyper i gymsalen, og i tillegg har me brukt Minirøris for alle. Her er dei  på køyretur i bilen ute….

 

Me starta opp att med «Boka mi», der alle skal etter tur og orden få ta med seg ei boka heimafrå, som me les høgt i samlinga i barnehagen. Føl med på planen kva dag ditt barn skal ta med bok.

 

På menyen har me hatt både fiskelunsj og pizza. I tillegg har me hatt egg og graut i ulike variantar.

I slutten av månaden pynta me barnehagen til advent. Det var kjekt å få vere med å sjå i kassane frå loftet kva som gøymde seg oppi her. No er barnehagen pynta med adventstjerne og adventstakar.  Og so starta me så smått opp med å lage julegåver, men det er hemmeleg………………………..

Me feira Brede 2 år!!!

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS