A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehage

Månadsbrev for oktober

Klikk på les meir, og les månadsbrevet.

MÅNADSBREV FOR OKTOBER 2016

 

Grønsaker var temaet me gjekk inn i oktober med. Både gulrotbollar og gulrotsuppe vart laga og smakt på. Me hadde samling der me snakka om kvar dei ulike grønsakene veks; over eller nede i jorda. Inne i barnehagen hengde me opp bilder av ulike grønsaker, for å syne dette visuelt. Asbjørg, Marit og Gunnbjørg frå Helselaget kom og var med oss å lage potekaker. Alle barna var med å laga desse, og dei falt godt i smak hos alle saman.

 

GULROTBOLLAR:

 

 

 

 I oktober har hovudfokuset vore  Forut-prosjekt om våre venner frå Nepal. Gjennom samlingar, musikk, DVD og bilder har me lært om korleis barna har det i Nepal. Tala frå 1- 10 har me jobba ekstra mykje med. For å vise at me kan telje på ulike språk, hengde me opp og snakka om tala på norsk, engelsk, swahili og Nepali. I tillegg viste me antal mengde for kvart tal, med å henge opp bilde av Monki. Denne veggen med tala på, har barna hatt glede av å stå å telje på.

 

 

SAMLINGSTUND DER ME HENG OPP TALREKKJA.

 

 

 

 

Arvid er hos oss ein halvtime annakvar måndag. Då har han ei songstund med 3-4 åringane + teikning med utgangspunkt i ”Øisteins blyant”. Dei har teikna Yeti og ulike dyr som er i Nepal.

 

Forut-festival hadde me ilag med heile Oppvekstsenteret. Ein fin ettermiddag, der 4-åringane var med å selde Forut-produkt til inntekt for Nepal. Alle barnehageborna var med på scena og song songar me har øvd på. I og med at barnehagen har brukt ein del rytmeinstrument, tok me like godt ein norsk song ”Bringebær-slåtten” ,med egg og pinnar til rytme.

 

 

 

 

 

 

SAMARBEID ER VIKTIG Å LÆRE. HER MÅLAR ME TALET 7.

 

 

 

 

5. klassen har vore å lese til oss ein dag. Det er Stig, Øyvind og Jostein som går i 5. kl i år. Etter at dei har lese boka dei har med seg, spelar me spel og legg puslespel. Dette er eit fint samarbeid med skulen, som me har hatt i mange år.

 

 

 

Folkemusikk-økt har me hatt to gonger denne månaden. I og med at Ida Kristine er vikar, tek ho med seg trekkspelet. Else- Marie tek med fela si, og 1.-og 3. klassen. Anne Kristin styrer song og dans, og saman lagar me ein liten time med tradisjonsmusikk og dans. Dei vaksne fortel korleis instrumenta er laga og korleis dei virkar. Det er spennande å lære om. Me brukar også rytmeinstrumenta våre. Då prøver me i fellesskap å spele svakt/sterkt, fort/seint og ein viktig del av dette er å lytte for så å utføre. To og to barn jobbar ilag, og byter på pinnar og egg. Gjennom dansen skapar me eit fellesskap, der barna blir kjende på tvers av alder.

Etter økta, må alle legge seg rett ut på golvet å få kroppen til å slappe heilt av. Me sløkker lyset, og me lyttar til ein roleg melodi. Me håpar å få til fleire økter iløpet av året.

 

 

 

Generelt har oktober vore ein fin hautmånad. Me har plukka blad i nærområdet, og laga bladkrans. Mykje sol og opphaldsvær har gjort til at me har vore mykje ute. Og so har me leika oss………………….

…………….og feira Bodil 50 år!!!!!!!

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS