A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehage

Månadsbrev for September

Her finn du oppsummering av kva me har drive på med i september. Trykk på "les meir" for å sjå heile dokumentet.

Månadsbrev for September 2016

 

September starta bra værmessig, men slutta blaut med mykje vatn, sand og jord å leike med.  Me har hatt fine dagar med mat i lavvoen og fleire fine turar for alle aldersgruppene. Me har jobba meir med kulturminneprosjektet vårt, det er 3 og 4 åringane som har gått mest på desse turane. Dei har vore på tur til vårstølen på haugen med Harald Haugen som guide, i dansarøy og sett på løa og to turar til Vamberg. Ein for å sjå på kvefjøsen og ein for å sjå på stabbur.

 

 

 

 

 

 

 

2 åringane har våre på litt kortare turar. Dei har våre på skogstur og plukka haustblad, ein tur for å sjå på sauene der det òg vart ein snue opp til stabburet på Bjørk ein gong til og ein tur langs vegen ved Dølaheimen forbi skathellebana. Dei hadde òg ein føremiddag ute i regnværet der dei fekk ha såpe i søylepyttane i barnehagen før me tok med oss nokre ballar ut på bana der me fann ei stor søyle å springe og hoppe i.

 

 

 

4 åringane har hatt ein travel månad, dei har hatt skrivedans ilag med Anne Kristin, hatt 4-års kontroll med Carla og våre på teater i Gaupne. Fiskekongen var eit spennande teaterstykke og det var kjekt å ha litt tid til å leike i leikerommet på Pyramiden. 3 og 4 åringane fekk og vere med på framsyning med skulen to gonger. Ein dag med dans og ein dag med trommekonsert. Arrangør var Den kulturelle skulesekken.

 

 

Ellers har me laga mat i lavvoen med fiskekaker og heimelaga pitabrød der 3 og 4 åringane fekk lage og steike sitt eige brød på bålpanna. Me har baka grove bollar og laga grønnsaksuppe. Me har og våre aktive med hinderløype i gymsalen der alle fekk komme inn i grupper og me har hatt minirøris.

 

 

 

Brannvernveka måtte me òg ha som alltid med brannøving og samlingar om brann. I år fekk òg 3 og 4 åringane vere med å leike brannkonstabel. Etter samlinga måtte dei rykke ut til ein brann utanfor barnehagen. Regnbuksene, støvlane og hjelmane stod klare i garderoben som på ein brannstasjon og så måtte brannsjef Terje komme å tilkalle alle brannmennene og branndamene. Då dei kom ut inngongen til samfunnshuset såg me at det brann i grillen så då me måtte ta ut brannslangen. Alle hjalp til så me fekk sløkt brannen, alle fekk prøve å stå fremst og styre slangen. Etterpå måtte me øve oss litt meir så me måtte spyle fotballbana litt òg.

 

 

 

 

 

 

 

Me fekk starta litt opp med Forut-prosjektet i slutten av månaden. Me fekk sett nokre av kortfilmane, byrja å øve oss på ein song og Arvid har teikna Yeti med 4 åringane.


Me har feira Lars, 2 år denne månaden. Hipp hurra for han!

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS