A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Husmålaren vår Arvid lærte oss 3 løyndomar!

Måndag målte me Myrhyrna

Som ein del av Jostedalsprosjektet, har elevane lært gjennom det gamle pedagogiske prinsippet "Learning by doing", og prøvd seg som ekte målarar. For å få til det, måtte sjølvsagt ein ekte målar til som rettleiar, og Arvid delte tre av løyndomane målarar frå gammal tid har kjent til og nytta for å lage bilete av det me ser rundt oss. 

Arvid starta dagen med ein felles introduksjon for alle elevane, der dei lærte om tre trinn på vegen til å få til eit ferdig måleri: LINJE, VALØR og FARGE. Til kvart trinn fortalte han ein løyndom.

  1. LINJE: Mål det du SER, ikkje det du TRUR! Bruk rutenett som deler arket opp i fleire delar i same format (dvs at tilhøvet mellom den korte og den lange sida på arket/lerretet er lik
  2. VALØR: Valøren er det VIKTIGASTE for å få biletet til å likne det du ser, difor: Mål alltid ein MONOKROM (einsfarga) versjon av biletet først (t.d. svart-kvitt eller grønt-kvitt eller brunt-kvitt)!
  3. FARGE: Frimærfargar finnast ikkje i verkelegheita (når me ser rundt oss), difor: Bland fargane skikkeleg (med kvitt og med kvarandre)!

Alle elevane vart delt i tre aldersblanda grupper, og lærarane var rettleiarar på kvar sine grupper. Kriteria for arbeidet stod på tavla i kvart klasserom. Elevane starta med å dele inn lerretet sitt i 16 like store delar for å lette jobben med å teikne linjene i biletet - her såg me verkeleg at kreative fag kan vere ein god måte å lære matematikk på.

Resultatet av arbeidet vil bli stilt ut.

---

Frå lokalhisotirewiki: Myrhyrna er i dag særleg kjent som motiv for Johannes Flintoe, som var i Jostedalen i august 1822. Då Flintoe i 1841 dekorerte veggane i Fugleværelset på Slottet i Oslo, valde han Myrhyrna som eitt av motiva. Kunstverket er såleis ofte å sjå i bakgrunnen på offisielle fotografi frå statsbesøk.

 180px Johannes flintoe norwegian myrhorn in royal castle oslo
magnify clip.png
Johannes Flintoe: Myrhorn i Jostedalen (1841), veggmåleri, Slottet i Oslo
 180px Frich myrhorn
magnify clip.png
Joachim Frich: Myrhorn i Sogn, handkolorert trykk på grunnlag av Norge fremstillet i tegninger, 1853-55

Myrhyrna (òg kalla Myrhorn) er eit karakteristisk kjegleforma fjell i Jostedalen i Luster kommune. Myrhyrna ligg opp for stølen Myri og Geisdalsfossen vest for Krekagrendi, og det trigonometriske punktet litt nedanfor toppen er 1448 m.o.h.

Myrhyrna er i dag særleg kjent som motiv for Johannes Flintoe, som var i Jostedalen i august 1822. Dette resulterte i fyrste omgang i gouachen Myrhorn i Jostedalen (1834, Nasjonalmuseet). Då Flintoe i 1841 deokrerte veggane i Fugleværelset på Slottet i Oslo, valde han Myrhyrna som eitt av motiva. Kunstverket er såleis ofte å sjå i bakgrunnen på offisielle fotografi frå statsbesøk.

Fjellet har òg vore motiv for fleire andre kunstnarar. Motivet vart nok særleg kjent for eit breiare publikum gjennom teikninga av Joachim Frich i den populære Norge fremstillet i Tegninger ved Nils Christian Tønsberg (1853-55)

Kjelde (teksten er sitert frå): Lokalhistoriewiki om Myrhyrna (forfatta av Oddmund L. Hoel)

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS