A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
FN-dag

MARKERING AV FN-DAGEN 24. OKTOBER

I dag hadde me ein flott start på skuledagen. Alle elevar og tilsette samla seg i aulaen, og elevane synte fram eit flott program. Småskulen song "Morgendagens søsken", elevar i 2., 3. og 4. klasse snakka om barnekonvensjonen, 5. klasse fortalde oss om dei ulike artiklane i Verdserklæringa, 6. klasse las dikt og song Fader Jakob på tre ulike språk, 7. klasse la fram ein presentasjon om FN-flagget, FN-bygningen, Nato, Unicef, Malala og snakka om menneskerettane. Programmet vart avslutta med at elevane på mellomsteget song "Barn av regnbuen".

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS