Gjennom koronapandemien har mattilbodet i barnehagane vore redusert og berre omfatta mjølk og frukt. Koronapandemien sette strenge krav til smittevern i barnehagane, og fleire nye rutinar og tiltak måtte på plass for å skape tryggleik.  

Eitt av tiltaka som vart sett i gong i Luster – til liks med mange andre kommunar – var at alle barn skulle ta med eigen matpakke i barnehagen, og at barnehagen serverte drikke, frukt og av og til noko meir. Matpengane er då også vorten redusert, frå 340 kr pr mnd pr barn til 150 kr pr mnd for barn med heil plass.  

Matordninga med matpakke, drikke og frukt har fått ei variert mottaking både blant føresette og hjå tilsette i barnehagane. Nokre foreldre etterlyste vanleg matordning i barnehagen etter kvart som barnehagane delvis kunne opne opp att, mens andre foreldre har gjeve uttrykk for at dei ynskjer matpakke også etter pandemien.

Barnehagane ser at det er fleire gode grunnar til å ta opp att den vanlege matserveringa i barnehagen, men har også erfart at det følgde mykje positivt med matpakkeordninga. Fleire tilsette meiner at det har vore meir ro og tid med barna med matpakkeordning, det har vore veldig praktisk med matboksar når ein skal på tur. Dessutan er matservering i barnehagen ei ordning som krev ein god del personalressursar både til innkjøp, tillaging, rydding og oppvask.  
 

Evaluering av matordninga og oppstart med matpakke
Når barnehagane frå august 2021 skal starte oppatt på grønt nivå, er det naudsynt å vurdere grundig kva matordning som skal gjelda frametter. I denne evalueringa er det viktig at føresette vert involverte.    

I samråd med barnehagane er det vedteke at ein fortset med matpakke fram til haustferien før ein vedtek endeleg ordning. Det vil om kort tid bli sendt ut ei undersøking til alle føresette i barnehagane for å kartleggje kva matordning ein føretrekk. I tillegg vil mat i barnehagen verte tema på foreldremøte og i første møte i samarbeidsutvala. På bakgrunn av signala frå samarbeidsutvala vil Oppvekst gjera eit framlegg om kva matordning som skal gjelda i kommunen etter haustferien.