Lokal forskrift om gebyr i medhald av Matrikkellova

Luster kommunestyre har i møte den 17.12.2009, ksaknr. 09/104 og i medhald av Matrikkellova (lovas § 32, forskriftene § 16) fastsett følgjande gebyr for kommunale pliktoppgåver og tenester etter lova:
 
1. Oppretting av matrikkeleining.
 
1.1. Oppretting av grunneigedom og festegrunn
Gebyr - oppretting av grunneigedom og festegrunn
Areal Pris:
0 - 500 m2 10 080,-
501 - 2000 m2 18 600,-
 2001 m2  _ 5000 m2  - auke pr. påbegynt da. kr.  1 440,-
5001 > Etter medgått tid (pkt. 8)
Oppmålingsforretning av større samanhengande areal enn 5 daa til landbruks-, allmenne, fritids eller allmennyttige føremål, vert rekna etter medgått tid etter pkt 8.
I felt der yttergrensa er klargjort, vil enkelte tomter få gebyr etter minste sats (0 – 500 m2). Ved først utsetting av tomt og permanent merking i ettertid (2 gangar markarbeid) vil tomtene få gebyr etter areal.
Gebyr for forretning over innløysing av festetomtar:
For saker etter Tomtefeste, lov om tomtefeste. (1996-12-20) §32, rett til innløysing av festetomt og gjennomføring av innløysing skal det betalast eit gebyr på 75 % av gebyr under pkt. 1.1, så framt grensene er tilfredstillande avmerka i marka.
 
1.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn
Gebyr - matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn
Areal Pris:
0 - 500 m2 10 080,-
501 - 2000 m2 18 600,-
2001 m2 _ 5000 m- auke pr. påbegynt da.  1 440,-
5001 > etter medgått tid (pkt. 8)  
 
1.3 Oppmåling av uteareal på eigarseksjon
Gebyr - oppmåling av uteareal pr. eigarseksjon
Areal Pris:
0 - 50 m2 5 880,-
51 - 250 m2 8 620,-
251 - 2000 m2 10 280,-
> 2001 m2   - auke pr. påbegynt da.  890,-
 
1.4 Oppretting av anleggseigedom
Gebyr som for oppretting av grunneigedom.
Gebyr - oppretting av anleggseigedom
Volum Pris:
0 - 2000 m 21 475,-
> 2001 m2 - auke pr. påbegynt 1000 m  1 440,-
 
1.5 Registrering av jordsameige
Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige fakturerast etter medgått tid.
 
2. Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning
Viser til 1.1, 1.2, 1.4 og1.5. I tillegg kan det koma tilleggsgebyr for å utføre oppmålingsforretning.
 
2.1 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering
Gebyr for utført arbeid når saka blir trekt før ho er fullført, må avvisast, ikkje let seg matrikkelføre på grunn av endra heimelsforhold eller av andre grunner ikkje kan fullførast, blir sett til 1/3 av gebyrsatsane etter 1.1 og 1.2
3. Grensejustering
 
3.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Ved gebyr for grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av eigedomens areal (maksimalgrensa er sett til 500 m²). Ein eigedom kan mellombels ikkje avgje areal som i sum overstig 20 % av eigedomens areal før justeringa. For grensejustering til veg- eller jernbaneføremål kan andre arealklassar gjelda.
Gebyr - grensejustering grunneigedom, festegrunn mm
Areal Pris:
0 - 250 m2 5 770,-
251 - 500 m2 10 080,-
 
3.2 Anleggseigedom
For anleggseigedom kan volumet justerast med inntil 5 % av anleggseigedomens volum, men den maksimale grensa skal setjast til 1000 m³
Gebyr - grensejustering anleggseigedom
Volum Pris:
0 - 250 m3 5 770,-
251 - 1000 m3 10 080,-
 
4. Arealoverføring
 
4.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneformål.
Gebyr - arealoverføring grunneigedom, festegrunn mm
Areal Pris:
0 - 500m2 20 160,-
Arealoverføring pr. nytt påbegynt 500 m² medfører ein auke av gebyret på: kr 2 880,-
 
4.2 Anleggseigedom
For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining til ei annan, - ikkje vera registrert på ei tredje matrikkeleining. Volum kan berre overførast til ei matrikkeleining dersom vilkåra for samanføying er til stades. Matrikkeleininga skal utgjerar eit samanhengande volum.
 
Gebyr - arealoverføring anleggseigedom
Volum Pris:
0 - 250 m3 20 160,-
Volumoverføring pr. nytt påbegynt 500 m3 medfører ein auke av gebyret på kr. 1 575,-
 
5. Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning
 
Gebyr - klarlegging av eksisterande grense (tidlegare koordinatbestemt)
Grensepunkt Pris:
Inntil 2 punkt 2 625,-
For overskytande punkt 1 255,- pr. punkt
 
6. Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidlegare erkoordinatbestemt / eller klarlegging av rettar
 
Gebyr - klarlegging av eksisterande grense (ikkje tidlegare koordinatbestemt)
Grensepunkt Pris:
Inntil 2 punkt 5 770,-
For overskytande punkt 1 440,- pr. punkt
Gebyr for klarlegging av rettar fakturerast etter medgått tid

7. Privat grenseavtale
 
Gebyr - privat grenseavtale
Grensepunkt Pris:
Inntil 2 punkt eller 100m grenselengde 2 880,-
For kvart nytt punkt eller påbegynt 100m grenselengde 1 575,-
  • Billigaste alternativ for rekvirent skal veljast.
  • Alternativt kan gebyr fastsetjast etter medgått tid. (minimum 3 timar)
8. Timepris

For målearbeid som blir avtalt utført etter timepris:
Gebyr - timepris
Artikkel Pris:
Målelag i felt
1 810,-
Landmålar i felt
1 275,-
Kontorarbeid 915,-
Minstegebyret  for slikt arbeid 3 245,-
 
9. Urimeleg gebyr
 
Dersom gebyret openbert er urimeleg i forhold til dei prinsipp som er lagde til grunn og det arbeidet og dei kostnadane kommunen har hatt, kan administrasjonssjefen eller den han/ho har gitt fullmakt, av eige tiltak fastsetja eit passande gebyr.
Fullmaktshavar kan under same føresetnader og med bakgrunn i grunngitt søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetja eit redusert gebyr.
10. Vilkår
 
Gebyra skal fastsetjast etter det regulativ som gjeld på rekvisisjonstidspunktet, og skal krevjast inn etterskotsvis. I tillegg til gebyr etter dette regulativet skal rekvirenten betale dei tinglysingsutgiftene som følgjer av rekvisisjonen.
 
11. Endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saken
 
Gjer rekvirenten under sakens gang endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka, skal likevel gebyret oppretthaldast.
 
 
12. Utsteding av matrikkelbrev
 
Gebyr - utsending av matrikkelbrev
Artikkel Pris:
Matrikkelbrev inntil 10 sider 248,-
Matrikkelbrev over 10 sider 480,-
Endring i maksimalsatsane blir regulert av Statens kartverk i takt med den årlege kostnadsutviklinga.
13. Meklarpakke
Artikkel Pris:
Utarbeiding av materiell som grunnlag for sal av eigedom; kart, eigedomsopplysningar, nabolister m.m. 2 830,-