Møte om rassikring på Veitastrond
Statens vegvesen og Luster kommune hadde onsdag 23. november eit ope orienteringsmøte om rassikringsplanane på Veitastrond.
Det var tydeleg at emnet var av stor interesse, heile 45 personar møtte fram på skulen for å få med seg orienteringa. Odd Rune Våge frå Statens vegvesen presenterte prosjekta på ein lettfatteleg og spennande måte med tekniske planar, modellar og video. Møtelyden kom med gode og nyttige innspel basert på lokalkunnskap og gav elles utrykk for at dei var vel nøgde og glade for det som vart presentert.
Luster kommune løyvde 500 000 kroner i 2007 slik at Statens vegvesen kunne utarbeide planar for vidare rassikring av Veitastrondsvegen. Forprosjektet var ferdig same året.
Sikringsarbeidet er etter den tid flytt langt fram på fylkeskommune si prioriteringsliste for rassikring.
I Buskredene skal etter planane sikrast med 12 -14 meter høge rasvollar i 2012. Neste steg er bygging av ein 1,5 km tunnel i Bjødnabakkane, også arbeidet med tunnelen vil truleg ta til i 2012. Siste tiltak vil vere sikring av Lindeskreda med ein 15 m høg fangvoll, bygd av tunnelmasse frå Bjødnabakkane
Det er no løyvt 120 mill kroner til rassikring av vegen i Buskredene og Bjødnabakkane. Med sikring av Lindeskreda er heile arbeidet kostnadsrekna til 140 – 150 mill. kroner.
Sommaren 2011 starta arbeidet med detaljerte reguleringsplanar. Reguleringsplanen for rassikring av Buskredene skal etter planen leggjast fram for kommunestyret til godkjenning i desember.

