Steinulf Skjerdal
Tlf. 57 68 55 83 / 976 46 240
Epost
Sakshandsamar
Marianne Bugge
Tlf. 57 68 55 95 / 915 32 784
Epost
Jordbruk
har tradisjonelt vore den viktigaste næringa i kommunen, spesielt kjøt- og mjølkeproduksjon. Luster er den største sauekommunen i Sogn og Fjordane. I Veitastrond er geitehald viktig.
Det milde klimaet ved fjorden har og gitt høve til fruktdyrking. I dag er ikkje fruktdyrkinga ein særleg sentral aktivitet, men det er dei seinare åra satsa betydeleg på bærproduksjon, både jordbær og bringebær. Luster er ein av kommunane med mest bærdyrking.
Industri
Det har vore satsa for å byggje opp industri i kommunen, og det er lagt til rette med næringsareal. Luster Mekaniske Industri A/S (LMI) er off-shoreretta, med sveising som sitt spesiale. Det er no ein arbeidsstokk på ca. 50 personar ved verksemda.
Ei anna bedrift som har ekspandert kraftig er Avery Dennison som produserer transfers, eller merke for bekledning/tekstil. NTP er teknologisk leiande i sin bransje og eksporterer ein stor del av produksjonen. Over 100 tilsette.
Fjordglas AS produserer vindauge. Dei har om lag 20 tilsette og har gjennomført ei stor modernisering av fabrikken.
Elles finn vi bedrifter innan treproduksjon, betongprodukt, sandblåsing, båtbygging, sjukehusutstyr, reklamebyrå og filmproduksjon.
Det er og fleire entreprenørar i kommunen både innan maskin/transport og bygg/anlegg.
Service
Innan service har vi eit næringsliv som yter det meste av dei tenestene som trengst. Det er bygt ut forretningssenter i Gaupne ligg kjøpesenteret Pyramiden. I Gaupne vil ein og finne tilbod som:
Elles fleire nærbutikkar i dei ulike bygdesentra.
Kraftutbygging
Luster kommune er den største kraftprodusenten i Sogn og Fjordane - ja - faktisk ein av dei største i heile landet.
Dei største fallrettane i Luster vart tidleg på 1900-talet kjøpt opp av framandfolk. Fallrettane skifte mange eigarar før ÅSV fekk hand om Fortun på 1950-talet og bygde ut eit av landets største kraftverk der. For Jostedals- og Leirdøla-vassdraga lengre vest skjedde det ikkje noko før Staten vart eigar av fallrettane og bygde ut på 1970- og 1980-talet.
Kraftutbygginga har gitt kommunen næringsfond og årlege avgifter som primært skal nyttast til næringsutvikling. Dette gjer at kommunen kan tilby tilskot og rimelege lån til næringslivet.
Kraftproduksjonen gjev og ringverknader i form av sysselsetjing; det er 80-90 personar i kraftproduksjon/formidling i kommunen. Desse er tilsette i Statkraft, Luster Energiverk og Hydro Energi.
Småkraftprosjektet
Luster kommunestyre vedtok i mars 2003 at kommunen i lag med Luster Energiverk og Luster Sparebank skulle starte opp eit prosjekt som skulle arbeide med småkraftverk. Gjennom prosjektet skulle ein byggje opp ein lokal kompetanse som skulle kunne gå inn i konkrete utbyggingsprosjekt og vurdere tekniske løysingar og økonomi. Å lose ei utbyggingssak gjennom den formelle godkjenningsprosessen var også ei oppgåve som var lagt til stillinga.
Dette prosjektet har ført til fleire småkaftutbyggingar, og det er plan om mange fleire framover.
