Luster kommune sin næringspolitikk
Luster kommune satsar på å utvikle eit næringsliv som er framtidsretta. Kommunen har fleire verkemiddel i forhold til både det etablerte næringslivet og eventuelle nyetablerarar.
Skriv ein søknad som fortel om satsinga du planlegg.
Snakk gjerne med næringssjef Olav Grov,
tlf. 57 68 55 08, under vegs.
Link til eige søknadsskjema: Næringsfondet - søknad om lån eller tilskot
Lån og tilskot
Kommunen har eit eige næringsfond, og kan gjennom det gje både lån og tilskot.
Lån vert gitt til fysiske inveseringar: Bygg og utstyr. Låna kan gjevast med rente- og avdragsfri periode på inntil 3 år. Rentefoten er no 4%.
Tilskot
vert gitt til utviklingstiltak slik som oppstarting, planlegging og prosjektering, undersøking, produktutvikling, marknadsundersøking og marknadsføring, samt opplæring /kompetanseoppbygging.
Sakshandsaming i næringssaker.
Grunnlag for næringsarbeidet - vedteke av Luster kommunestyre 18.06.2009, sak 74/09.
Innovasjon Norge
Bedriftene i Luster kan og nytte Innovasjon Norge sitt verkemiddelapparat. Både tilskot og lån kan ytast til bedrifter i Luster frå Innovasjon Norge. Innovasjon Norge kan òg yte finansiering til tiltak med utgangspunkt i landbruksnæringa.
Luster kommune har og fleire støttetiltak i høve landbruket, sjå side 17 i dokumentet grunnlag for næringsarbeid.
Areal og lokale
Luster kommune har byggeklare næringsområde både i Gaupne og Hafslo. Det er og ledige næringslokale i kommunen, lokale som er høvelege både til lettare industri og servicetiltak.
Næringsfellesskap
Næringsfellesskapet er lokalisert i Pyramiden. Det er eit samarbeid mellom Pyramiden AS som byggeigar og Luster kommune som har fått i gang tiltaket. Deltakarane i fellesskapet får eige kontor, dei får i tillegg tilgang til felles ete- og pauseområde og eit godt utstyrt møterom. Breiband er og tilgjengeleg. Tilbodet skal vere økonomisk overkommeleg, også for nystarta bedrifter.
Ta kontakt med senterleiaren på Pyramiden for ev. leige: Svein Norberg, tlf. 99 43 83 33.
Næringssjef Olav Grov, tlf. 57 68 55 08 gjev råd og rettleiing og er diskusjonspartnar for næringslivet.
Nyttige web-sider:
