Mål

Kunnskap:

Naturarvprosjektet skal skape læringsarenaer om natur- og kulturverdiane for næringsaktørar, lokalbefolkninga, grunnskulen og turistar.

Infrastruktur:

Naturarvprosjektet skal gjennomføre stadeigne og overordna strukturtiltak for å betre fritidstilbod og auke lønnsemda i reiselivet.

Tematurisme:

Naturarvprosjektet skal skape nettverk for utviklingsarbeid og/eller merkevarebygging innan natur- og kulturbasert næring.
 

Organisering

Det har vore prosjektleiar i full stilling frå 01.01.11 og fram til 31.07.14. Ei styringsgruppe har vore styrande organ for prosjektet, medan det er Luster kommune som har vore prosjekteigar. Forutan arbeidsgrupper og samarbeid med andre prosjekt og aktørar i kommunen har prosjektet vore avhengig av eigeninnsats i bygdesamfunna, i Luster kommune og hjå fagfolk.

Delprosjekta

Prosjektet har vore delt inn i fleire delprosjekt, som på kvar sin måte skulle søke å nå måla i prosjektet. I kvart delprosjekt har det som regel vore fleire tiltak. Felles for alle tiltaka er at dei skulle bygge opp under ein eller fleire av måla til prosjektet.

Delprosjekt Kunnskap

Prosjektet har forma ein læringsarena for reiselivet gjennom bygdevertskurs og regionalt vertskapskurs, finansiert eit læringshefte for skuleverket om born og naturarven - tradisjonskunnskap i undervisninga, kartlagt og verdisett alle friluftslivsområda i Luster til nytte for forvaltninga, finansiert diverse kunnskapsretta arrangement som naturfoto i skulen, naturfotoworkshop ogseminar under Brefestivalen.

Delprosjekt Infrastruktur

Prosjektet har finansiert klatrejungel, grillhytte og turveg i Fortun, rasteplassar på Veitastrond, merking/skilting av 70 vandreturar i kommunen, publisering av turar på visitsognefjord.no, turkart for Luster kommune, publisering av turar på ut.no, turinfotavler i bygdene, parkering på Vassbakken, sti til Åsafossen, Sognefjordvegen S1, tursti mellom Skjolden og Fortun (ferdig etter prosjektslutt), klatrejungel ved Breheimsenteret (ferdig etter prosjektslutt), dagsturhytte på Molden (ferdig etter prosjektslutt).

Delprosjekt Tematurisme

Prosjektet har finansiert film om dei naturbaserte aktivitetane knytt til Jostedal Signatur, finansiert visningsarrangement for Jostedal Signatur, finansiert marknadsundersøking for Jostedal Signatur (ferdig 2014)

Delprosjekt Landskap i Luster

Prosjektet har skapt eit ope natur- og kulturbasert kunnskapstilbod med rundreisa «Landskap i Luster – ei kunstreise»

Økonomi

Revidert og godkjent rekneskap av revisor syner eit prosjektrekneskap på total kr 8 600 000. Av dette var kr 1 600 000 eigeninnsats.