Nina Gudevang dagleg leiar ved Luster bad

Nina Merete Wictoria Gudevang er tilsett som dagleg leiar ved Luster bad. 

Nina er frå Askim, og er 31 år. Ho studerer for tida idrett, fysisk aktivitet og helse ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og har tidlegare skaffa seg ei bachelorgrad i økonomi og administrasjon ved same høgskulen. Nina bur i Sogndal saman med sambuar.
Nina Gudevang

Nina er ei aktiv dame som er interessert i idrett og friluftsliv. Ho likar utfordringar, og har ein variert arbeidsbakgrunn til tross for sine unge alder.

 Naturen i Sogn, med den store variasjonen frå fjordlandskap til dei store fjellområda, er den viktigaste grunnen hennar til å ønskja å bu og jobba her.
 
På spørsmål om kvifor ønskjer ho å leia Luster bad, svarar ho at jobben som dagleg leiar vil gje henne høve til å nytta ei god blanding av fagkunnskapane frå studia, samstundes som fysisk aktivitet er noko ho er svært oppteken av. Det vert spennande å leia etablering og igangsetting av eit heilt nytt og svært attraktivt tilbod i regionen. Her håpar ho å kunna tilby fysisk aktivitet i kombinasjon med gode opplevingar og helse for alle gjester.
 
 
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS