Forslaget låg ute til ettersyn. Ingen innkomne merknadar. Forskrifta vart godkjent av kommunestyret og gjort gjeldande frå 01.01.20.

Viser til vedtak 28.11.2019:

Kommunestyret godkjenner ny lokal forskrift for VA-gebyr i Luster kommune, datert 01.11.19 med følgjande tillegg til §5:

Om kommunen har behov for å få målt forbruket hjå ein allmennforbrukar, må kommunen ta kostnadene.

Med heimel i «Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg», §3 og «Forskrift om begrensning av forurensning», kapittel 16.

Ny forskrift finn du her.