Erling Bjørnetun
Rådhuset
Tlf. 57 68 55 21 / 478 65 650
Epost
Ny lokalhistorisk årbok er i handelen
Samarbeidsprosjektet til dei tre sogelaga i Luster kommune er no klar med si årbok nr.6.
Tema som har fått plass i denne boka spenner også vidt, men dei mest omfattande artiklane tek føre seg industrieventyret i Kinserdal og gardsanlegget Modvo på Hafslo som er datert attende til eldre steinalder. Sorenskrivargarden Christianselyst i Solvorn skal du også få meir kunnskap om, og for dei som likar samferdslehistorie har årboka denne gongen skildringa av Luster herrad i Trafikplankomiteen av 1919.
Årboka er også med å kaste lys over personar som Ole Anton Quam (1834-1904), Torkel Asheim (1890-1959), Lars Stølen (1923-2008) og ikkje minst ”Nilsastegen” – Nils Fuglesteg (1898 -1975).
Alle Kulturprisvinnarane frå 2002 – 2010 er også presenterte i årboka: Kari Beheim Karlsen, Lars Nitter Sie, Egil Gunnstein Einan, Sigrun og Lars M. Vigdal, Signe Weka Fortun, Bjønnaposten v. Torodd Joranger, Luster Danseverkstad, Finn Roald Skare og Tonereise.
Årboka kostar kr 190,- og kan tingast pr. e-post (sjå lokalhistorisk litteratur) og på servicetorget i rådhuset.
Boka kan og kjøpast på desse lokale utsalstadane:
Coop Fortun, Coop Skjolden, Arne Lerum Luster, JOKER Luster, Øystein Høyheim, Luster Radio og TV Pyramiden, Solvornbui, Spar Sterrisbui på Hafslo, Luster Sparebank Hafslo.
