Vatnet blir utsatt for mange påverknadar frå det fell som nedbør i fjellet, renn ned bratte lier, gjennom elver, bekker og innsjøar og til slutt renn ut i fjordane våre. På vegen passerer vatnet gjennom urørte landskap, men også område der det bur og arbeider mange menneske, noko som gjev mange påverknadar.

Vassforvaltninga i Noreg skal bidra til beskyttelse og berekraftig bruk av vatnet vårt.

Etter vassforskrifta skal kvar av vassregionane i Noreg ha ein vassforvaltningsplan med miljømål for alt vatn i elver, innsjøar, kystvatn og grunnvatn. Planen skal også ha eit tiltaksprogram med forslag til tiltak for å betre miljøtilstanden i vatnet, og komebeskytte mot dårlegare tilstand.

Vassforvaltningsplanen som gjeld no blei godkjent i 2016, og varar ut året 2021. No startar arbeidet med å revurdere og oppdatere planen, slik at den nye planen er klar til gjennomføring i perioden 2022-2027.

Innspel til tiltak

Er det tiltak du meiner bør gjerast for å betre miljøtilstanden i ei elv, innsjø, fjord eller langs kysten, kan du no kome med innspel til tiltak. Innspel på tiltak kan til dømes vere for å redusere påverknad frå jordbruk, avløp, avfallsplassar, industri, fiskeoppdrett, framande artar, vasskraft, bekkar og elvar som er lagt i røyr, utretta, førbygde etc.

Frist for å kome med innspel er 1.1.2020. Ansvarleg sektorstyresmakt for tiltaket, vil vurdere om tiltaket bør inngå i tiltaksprogrammet. Innspelet ditt registrerer du i innspelsskjemaet som du finn på denne sida. Har du spørsmål er du velkomen til å ta kontakt med vassområdekoordinator Indre Sogn og Ytre Sogn, Christian E. Pettersen, christian.pettersen@sfj.no