Nye leigekøyringsløyve for snøscooter

Alle som har hatt løyve til å ta på seg leigekøyring med snøscooter får fornya sine løyve til utgangen av sesongen 2014. Dette vart vedteke av plan- og forvaltningsstyret på møtet 6. desember.

Dersom du har transportoppdrag for snøscooter kan du då henvenda deg til desse:

1.      Ove Arild Melheim for området Indre Hafslo og Molden
2.      Røde Kors Hafslo Hjelpekorps for området Hafslofjella
3.      Johan Hilleren for Veitastrond
4.      Jon Evjestad for området Jostedalen, Gaupne og Røneid
5.      Trond Rune Flikki for området Nes, Luster og austover til Mørkridsdalen
6.      Røde Kors Luster Hjelpekorps for området aust for Mørkridsdalen og Lustrafjorden
 
Løyvet er avgrensa i medhald av motorferdselforskrifta til fylgjande ærend:
- transport mellom bilveg og hytte
- tilsyn med privat hytte på oppdrag frå eigar
- transport for massemedia på reportasjeoppdrag
- transport av rørslehemma
- transport av ved
- transport som har løyve etter søknad til Luster kommune
 
Har du spørsmål vedrørande motorferdsel i utmark, ta kontakt med naturforvaltar Inger Moe, tlf 57 68 55 84.
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS