A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Nytt år, vinter og sjukdom...

Januar nærmar seg slutten, og me har hatt ein fin oppstart etter jul. Nokre born har bytta base og vortne "store", og me har fått heilt nye barn i barnehagen både på dei små og store basane. Velkomne til dei!:)
No er det ein del sjukdom i barnehagen og me vil difor minne erfarne og mindre erfarne barnehageforeldre om følgjande: No gjer bakteriefloraen sitt inntog i barnehagen og i barnefamiliar. Me ser at det går både feber og magesjuke. Det er ikkje mange born som er sjuke enno, og me ynskjer å unngå store epidimiar. Difor SKAL barnet haldast heime minst 48 timar etter oppkast og/eller diaresymptom. Fyrst då er barna smittefrie, sjølv om formen kan virke til å vera fin dagen etter.
Ved feber/forkjøling/influensa skal barnet har ein feberfri dag heime FØR det kjem i barnehagen.
Me ynskjer òg at de vaskar hender før de går inn i barnehagen, og for dykkar del kan de vera lurt og vaske hender før de går utatt òg. Tusen takk for at de held desse retningslinjene, og slik minkar sjansen for at borna blir sjuke, og at me har nok vaksne på jobb.  1f 642.png

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS