Måndag 16. august var det opning av Veitastrond oppvekstsenter med barnehagebarn, elevar, tilsette og føresette. Det var talar ved rektor og styrar Elisabeth Alme, kommunalsjef oppvekst Knut Åge Teigen og ordførar Ivar Kvalen. Ordføraren klypte snori og erklærte oppvekstsenteret formelt for opna. Etterpå var det kake og saft til stor glede for dei 26 barna og elevane ved oppvekstsenteret. Til lukke, Veitastrond oppvekstsenter!