Systemet reknar ut automatisk

I tillegg til at handsaminga blir effektivisert, sikrar systemet riktig berekning av tilskotet og likebehandling av søkjarane uavhengig av kvar i landet søkjaren bur. Tilskotet blir automatisk berekna, basert på opplysingane i saka. Søkjaren kan også hente opp rettleiing og forklaringar inne i systemet om det trengs. Når kommunen har handsama søknaden, blir svaret og vedtaket sendt til deg i Altinn.

Slik gjer du:

- Gå til sida www.altinn.no 
- Logg deg inn med MINID, BANKID eller liknande
- Vel landbruksføretaket ditt som «Aktør»
- Søk opp og velg ordninga «Tilskudd til avløsning av jordbrukere ved sykdom, fødsel m.v»
- Legg inn informasjon om sjukmeldingsperiode, utgifter til avløysar osv.
- Last opp nødvendige vedlegg

Hvis du ikkje kan bruke internett

Du kan gi avløysarlaget eller andre rett til å fylle ut søknadsskjemaet for deg. Det ordnar du også inne på www.altinn.no. Snakk med dei fyrst om det er aktuelt.

Papirskjemaet vil fortsatt eksistere ei stund til

I ein overgangsperiode vil dei gamle papirskjema eksistere ei stund framover. Etter kvart blir søknadsordninga fullelektronisk for landbruksføretak.