Bente Grytten.JPGEnkelte sjukdomar kan føre til at ein får for lite oksygen i blodet. Det kan då vere aktuelt å tilføre ekstra surstoff. Før slik behandling blir sett i gang, må du til undersøking hos ein spesialist. Slik behandling krev oftast eit tett samarbeid mellom den det gjeld, primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta.

Helse Førde gjev tilbod om oppfølging til heimebuande som får langtids oksygen-behandling. 

Lærings- og meistringssenteret har sjukepleiar med særskild kompetanse i lungefaget som tilbyr heimebesøk ein gong i året til personar som får langtids oksygenterapi i heimen.

I dei tilfella heimkommunen har ein lokal oksygenkontakt deltek og dei på heimebesøket. Under heimebesøket kan brukaren mellom anna få utført lungefunksjonstest og målt oksygeninnhaldet i blodet samt sjekka at utstyret fungerer slik det skal.

Bente si rolle er blant anna å skapa møteplassar for heimebuande oksygenbrukarar. Ho vil arrangere møte to gonger i året. Bente føljer og nettverkssamlingane som Helse Førde arrangerer for oksygen/lungekontaktar.

Kontaktinfo Luster kommune sin oksygenkontakt:
Sjukepleiar Bente Grytten
Tlf.: 57 68 57 11
E-post: bente.grytten@luster.kommune.no