Omsorgsbustad

Luster kommune har tre eldresenter, Hafslo eldresenter, Gaupne eldresenter og Luster eldresenter.
De kan søkje om å få leige omsorgsbustad i desse eldresentera.

Drifta av omsorgsbustadane er regulert i "lov om husleieavtaler."

Her er skjemaet som du brukar for å søke om omsorgsbustad 

Målgruppe

Desse buformene vert prioritert til personar med fysiske- og/eller psykiske pleie- og omsorgsbehov. Dei vert prioritert til personar som er ferdigbehandla i institusjon, og til brukarar som bur i bustad som er dårleg tilrettelagt i høve til å kunne klare seg sjølv eller til å motta naudsynt hjelp.

Vilkår

Tildeling av bustad skjer etter ei totalvurdering av søkjaren sin fysiske- psykiske- og sosiale livssituasjon.
Tildeling av bustad skjer ikkje etter ansiennitet. Dette inneber at det ikkje vert teke omsyn til kor lenge søkjaren har vore registrert med søknad til omsorgsbustad 

Handsaming

Søknaden vert drøfta i tildelingsteamet
Einingsleiar gjer vedtak.

Handsamingstid

1 - 2 veker etter at søknaden er motteken

Søknadsfrist

Ingen 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS