Omsorgsplass

Luster kommune har 24 omsorgsplassar. (Hafslo - 8, Gaupne - 8 og Luster - 8)
Måltider og straum er inkludert i husleiga.

  1. Frukost kl. 08.30 -10.00
  2. Middag kl. 13.00
  3. Kaffi og kaker ca kl. 16.00
  4. Kveldsmat kl. 18.30


Det er felles stove til omsorgsplassane og måltida er der tenkt som ei hyggeleg samlingsstund i fellesskap. Dersom bebuarane likevel ynskjer måltidet på eige rom er dette mogeleg.
Det vert lagt stor vekt på at bebuarane kan delta på aktivitetar på arbeidsstova.
Aktuelle aktivitetar er song, musikk/musikkterapi, nyhende, bingo og andakt mm. 

Her er skjemaet som du brukar for å søke om omsorgsplass

Her kan du søke om bustønad

Målgruppe

Denne buformen vert prioritert til personar med fysisk-og/eller psykiske pleie-og omsorgsbehov.
Dei vert prioritert til personar som er ferdigbehandla i institusjon, og til brukarar som bur i bustad som er dårleg tilrettelagt i høve til å kunne klare seg sjølv eller til å motta naudsynt hjelp.

Vilkår

Drifta av omsorgsplassar er regulert i "lov om husleieavtaler"
Dette er ei buform som ikkje er regulert i "Lov om helsetjeneter i kommune". Ein leiger omsorgsplassane etter gjeldande husleigekontrakt utforma med bakgrunn i Lov om husleigeavtalar. Tenestene som brukarane mottek ved opphald i omsorgsplass kan vere heimla i "Lov om helsetjeneter i kommunene" eller i "Lov om sosiale tjenester

Pris

Husleiga vert regulert kvart år og er for året 2010 på 7000,-/mnd.

Handsaming

Tildeling av omsorgsplass skjer etter ei totalvurdering av søkjaren sin fysiske-psykiske-og sosiale livssituasjon.
Tildeling av omsorgsplass skjer ikkje etter ansiennitet. Dette inneber at det ikkje vert teke omsyn til kor lenge søkjaren har vore registrer med søknad til omsorgsplass.
Tildelingsteamet er rådgjevande organ for tildeling og leiar for heimetenesta gjer vedtak i saka.

Handsamingstid

1 - 2 veker etter motteken søknad

Søknadsfrist

Ingen

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

 Leiar heimetenesta Tone Kjærvik KveaneEiningsleiar 
 Tone Kjærvik
 Kveane

 

 

Luster heimeteneste
v/Tenestekontoret i Gaupne

Tlf. 57685716
Mån - fre kl. 08.00 - 15.30

Team A, Gaupne
Team B, Hafslo
Team C, Luster
Team Grandmo

Våre einingar

Tenesteomtalar

Web levert av CustomPublish AS