A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
omvendtjulekalender[1]

GJE i staden for å få!

Omvendt julekalender

Det har vorte ein tradisjon på skulen at me er med på SOS barnebyer sin innsamlingsaksjon i desember. Elevane avtalar med foreldre/besteforeldre oppgåver dei kan gjere heime fram mot jul, og løna går til SOS barnebyer. Kvar skuledag ser me ein videosnutt frå korleis born har det rundt om i verda, og snakkar litt om det me ser. Dette er ein fin måte å reflektere over kva som er viktig med jula, kor heldige me er og kor urettferdig verda er, men òg over at det er mange måtar å ha det bra på og at me ofte blir like glade av å gje noko som av å få noko.

HER er lenkje til innsamlingsaksjonen.

God førjulstid!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS