På møtet vert vist fram ein presentasjon som me håpar kan gi deg som hageeigar, velforeiningar og grendalag praktisk informasjon og forhåpentlegvis også inspirasjon til å spele meir på lag med naturen.

Møtet er ein del av arbeidet med å utarbeide naturmangfaldsplan for kommunen. I denne planen vil naturmangfald nær skular, bustadfelt og område med stort press når det gjeld utbygging verta prioritert. Ved å spele på lag med naturen kan du få det like triveleg eller trivelegare, få større naturmangfald nær deg og bruke mindre tid på hagearbeid og dugnadsinnsats.

Kommunen stiller med landskapsarkitekt, naturforvaltar og planleggjarar på møtet og det er fritt fram for å stille spørsmål underveg og i etterkan av presentasjonen. 

Pris: Gratis