Der var Fossabrui opne.jpg

Sigbjørn Aasen til høgre, Erling Bjørnetun og Svein Vigdal sto for den formelle snorklyppinga.

 

Per Birger Lomheim rallaren_450x831.jpg

Etterpå vart det både rømmagraut og spekemat med kaffi og kvit dame i "Underhuset" hos Kåre Reidar Aasen. I den påfylgjande stunda med utveksling av eldre vegsoge og erfaringar med flaum og brubygging fekk dei frammøtte til all overrasking vitjing av ein rallar med sjølvlaga «rallarvise» om Fossabrui. Det skulle seinare vise seg at «rallaren» var Per Birger Lomheim med lang fartstid i Statens Vegvesen.

God song og traktering sytte også Asbjørg Ormberg, Per Fossøy og Marit Elvekrok for.

Prosjektet med restaurering av Fossabrui er eitt av tiltaka i den store og omfattande planen om å rusta opp gamlevegen gjennom Jostedalen frå Døsen i Luster og like fram til Viva der rutenettet til DNT overtek løypestafetten og fører oss like inn i Jotunheimen og Breheimen.