Opning av ny ambulansestasjon i Gaupne

Den nye ambulansestasjonen vart offisielt opna 7. oktober.
Adm. direktør i Helse Førde Jon Bolstad og ordførar Torodd Urnes føretok opninga av ambulansegarasjen
Adm. direktør i Helse Førde Jon Bolstad og ordførar Torodd Urnes føretok opninga av ambulansegarasjen
Ein nøgd byggjeleiar Geir Afdal framfor den nye ambulansegarasjen
Ein nøgd byggjeleiar Geir Afdal framfor den nye ambulansegarasjen
Gåve frå ambulansesjef Stian Sægrov var to
Gåve frå ambulansesjef Stian Sægrov var to kaprometer, som måler mengd CO2 som kjem frå lungene til ein pasient.
Stasjonen er eit påbygg til Luster kommune sitt Helsesenter. Tilhøyrande garasjeanlegg vil gje plass for ambulansebilane og vår eigen legevaktbil. Helse Førde, som har ansvaret for ambulansetenesta, har inngått ein langsiktig leigeavtale med kommunen om ambulanselokala og garasjedelen.

Med på opninga var leiinga i Helse Førde, representert ved adm. direktør Jon Bolstad, klinikkdirektør Tore Dvergsdal og ambulansesjef Stian Sægrov, samt dei tilsette ved ambulansestasjonen. I tillegg deltok arkitekt Guri Fonsdal frå Arkitektkontoret 4B AS og Hans Harald Nes, frå hovudentreprenøren Hans Nes Bygg AS. Frå kommunen stilte ordføraren, rådmannsnivået og leiing og tilsette ved Helsesenteret.

Under opninga vart det lagt inn eit lite miniseminar der både Helse Førde og kommuneleiinga bidrog. Her vart det frå Helse Førde si side uttrykt at den totalløysinga vi no har fått til i Luster er svært framtidsretta og utvilsamt blant dei beste i fylket.
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Legekontoret:
Adresse:
Postboks 104, 6866 Gaupne
Tlf:                    57 68 56 00
Alarmtlf:           57 68 15 55
Fax:                  57 68 56 01
Epost
Opningstid:     07.45 - 15.15
Ekspedisjon/
Tlf. tid:              08.00 - 14.30
Tlf.tid legar:     08.00 - 13.00  

Luster legekontor

Våre einingar

Web levert av CustomPublish AS