A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
MiniAnne1

Opplæring i hjarte- lungeredning med Mini-Anne

Tysdag morgon hadde alle lærarane praktisk øving i hjarte- lungeredning i aulaen. Me brukte dei flotte Mini-Anne dokkene som alle tilsette har fått i gåve frå Luster sparebank og LHL. Saman med dokkene fekk me ein sjølvinstruerande dvd som hjalp oss i treninga. Alle tilsette, og elevane i 7. klasse skal køyre gjennom denne filmen og gjennomføre praktisk øving tre gonger kvart skuleår. På denne måten håpar me å utdanne mange gode livreddarar som er parate til å trø til dersom dei kjem ut for ein naudsituasjon.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS