A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Overlevering av elevløfte til ordføraren

OVEREKKING AV ELEVLØFTE TIL ORDFØRAREN

Tidlegare i haust deltok  Gaupne skule i ein «Gå til skulen-aksjon». Denne vart arrangert av Barnas miljøvernorganisasjon. Alle veit at å gå til skulen er sunt både for oss og miljøet, men då er det viktig at skulevegen er trygg. I samband med aksjonen, var det mange elevar som saman med foreldra sine skreiv elevløfte. Her lova dei å halde fram med å gå til skulen dersom politikarane ville love dei å sikre dei ein trygg skuleveg. Dei kom med mange gode innspel til tiltak.

Elevrådet gjekk i samla flokk bort til ordføraren og overleverte alle elevløfta til han. Ordføraren vart veldig glad for dette, og fortalde at kommunen no skal lage ein ny trafikktryggingsplan. Då er det viktig å få konkrete framlegg til kva som kan gjerast betre. Han tykte det var flott at elevane ville gå til skulen, og minna dei samstundes på at det var viktig å bruke refleks no i mørketida.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS