A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Overgang barnhage/skule

Som ein del av årsplanen vår viser me her korleis me samarbeidar med skulen om å få til ein god overgang frå barnehage til skule. Dette er ein ny epoke for barnet og difor er det viktig for heimen og barnehage at denne overgangen skjer på ein best mogeleg måte.

Heile året:

Gjennomføring av gruppeaktivitetar for 5-årsklubben. Anten ein dag i veka over fleire veker, eller i prosjektgrupper i periodar.

Februar: Foreldremøte i barnehagen, der skulen deltek og informerar om skule og sfo.

På våren: Overgangssamtalar med alle foreldre til nye fyrsteklassingar. Ped.leiar kallar inn.

Mai/juni: Førskuledagar. 5-årsklubben er på besøk fire heile dagar på skulen.

Mai/juni: Møte mellom pedagogiske leiarar, styrar, lærar og rektor der ein gjev informasjon til skulen om kvart enkelt barn.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS