A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Påske

No er det påskeferie for elevane ved skulen. Barnehagen er open til kl. 12.00 onsdag, så er det påskeferie der og. Denne veka har det vorte laga mykje fin påskepynt, og i dag hadde me påskebord for heile oppvekstsenteret. Økta starta me ei kulturøkt i gymsalen. Barnehagen dramatiserte  "Gullhår og dei tre bjørnane". Dette var innøvd til barnehagedagen, og dei var like flinke i dag. Me sat i ring etter framsyninga og sang nokre påske- og vårsangar. På matbordet var det mykje godt. 5.-7. diska opp med fersk brødbakst og godt pålegg på fat som var fint pynta. Gule lys og fargerike høner var borddekorasjon på alle bord. Etter mat var det eggejakt. 6 lag skulle ut og leita etter egg, fordi me trudde påskeharen hadde hoppa forbi oppvekstsenteret i dag. Jammen var det mange egg å finna ute i den fine sola. Haren hadde lagt dei rundt omkring på uteplassen vår. Til premie fekk alle ein søt go`bit. Dei eldste fekk avspasera kl. 13.15 i dag, så då var det "god påske" til alle elevane.

Me ynskjer alle elevar, ungar og føresette ei god påske!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS