PPT - Pedagogisk psykologisk teneste

Eit PPT-kontor er ein stad der foreldre, barnehage og grunnskule kan søkje råd i spørsmål som gjeld barn/ unge sin trivsel, tilpassing, psyko-sosiale vanskar, åtferd og opplæring. PPT samarbeider med foreldre og barn og for å leggja tilhøva betre til rette for barnet og familien.
Tenesta skal og vera eit tilbod til vaksne med særskilde vanskar.

Kva rettar har foreldre og barn?
Opplæringslova slår fast følgjande:

  • Foreldre og barn har rett på tilbod om pedagogisk-psykologisk teneste i nærleiken av heimstaden.
  • Barn, unge og vaksne har rett til spesialpedagogisk hjelp der dette er naudsynt.
  • Foreldre har på lik line med ulike fagfolk rett til å vere med når det skal avgjerdast kva tiltak som skal setjast i gang for barnet.
  • Foreldre kan sjølve tilmelde barn/unge til PPT eller dei kan be barnehagen/skulen eller helsestasjon/lege om hjelp.
  • Når andre enn foreldra ønskjer at barnet skal ha kontakt med PPT., må foreldra vera samde i dette og skriva under tilmeldingsskjema.
  • Klassar /barnehageavdelingar kan verta melde til PPT
  • Tilsette ved kontoret har teieplikt.
  • Alle tenester er gratis.

Kva arbeider PPT med?

  • Førebyggjande tiltak i barnehage og grunnskule
  • Tilrettelegging av opplæringa for elevar med særlege behov
  • Lage gode overgangar til ny skule
  • Samtalar og utgreiing av barn og ungdom med ulike vanskar
  • Tiltak for einskilde barn eller grupper av barn med ulike vanskar
  • Deltaking på foreldremøte, personalmøte og kurs
  • Samarbeid med andre etatar for å gje eit heilskapleg tilbod 

Når kontaktar du PPT?
Foreldre er ofte usikre på når dei skal vende seg til PPT. Det er viktig å ta opp problema før dei vert for store. Derfor kan ein også koma med små vanskar.

Døme på vanskar:

  • Funksjonshemmingar av ulike slag 
  • Fagvanskar ( t.d. lese- og skrivevanskar)
  • Mistilpassing i heim, skule og barnehage
  • Språk- og talevanskar
  • Overgang frå grunnskule til vidaregåande skule eller yrkesliv.
  • Miljøskifte
  • Familieproblem
  • Oppsedingsspørsmål
  • Vætingsproblem
  • Søvnvanskar
  • Matvanskar
  • Mobbing
  • Nasking
  • Skulevegring
  • Systemarbeid i skuleklassar/ barnehageavdelingar

Her er meldingsskjema til PPT. 
Skjemaet er fortruleg i utfylt stand. Det bør difor sendast pr. post og ikkje via e-post.

Korleis arbeider PPT?

  • PPT jobbar med utgreiing og tiltak retta mot barn og unge. For å få ei best mogeleg vurdering av kva barnet sin vanske er, føretek me ei utgreiing. Dette skjer oftast i form av samtale, testing og observasjon. Samarbeidet med foreldre og barnehage/ skule ser me på som svært viktig når me arbeider med det einskilde barnet.
  • Me samarbeider også med barnehagar og skular der det er ynskje om å jobbe med førebyggjande tiltak, eller jobbe med eit problem som har oppstått i ei barnegruppe eller omfattar heile barnehagen/skulen.
  • PPT har også eit koordinerande ansvar i forhold til overgang barnehage/skule og grunnskule/vidaregåande skule.
  • I samarbeid med helsestasjonen/skulehelsetenesta har me oppretta Helseteam på alle skular og barnehagar. Teamet har faste møtedatoar gjennom heile skuleåret.
  • For å yte best mogeleg teneste samarbeidar me med andre kommunale einingar som t.d. helsestasjon, sosialkontor, psykiatriteam, konsulent for funksjonshemma. I høve til store og spesifikke vanskar har me god kontakt med BUP (Barne og ungdomspsykiatrisk poliklinikk), statlege kompetansesenter, barnehabilitering og barnelegar ved SSSF m.fl.
  • I psykologstillingen ligg det inne kommunepsykologiske oppgåver, som går vidare enn det som ligg innafor PPT. Slike arbeidsområde er m.a. kliniske problemstillingar med vaksne, arbeid med rusproblem, utredningsarbeid, utvida samarbeid med andre instansar i kommunen om ulike tema og problemstillingar.

 

 

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Einingsleiar PPT:
Olfert Øvrebø
Rådhuset, Gaupne
50% PPT
50% Kommunepsykolog

Tlf: 57 68 55 19 / 918 06 739
E-post

Kontaktinfo til alle tilsette
ved PPT finn du
under linken Les meir...

Les meir...
Web levert av CustomPublish AS