Hovudføremålet med reguleringsframlegget er å få regulert arealbruk i samsvar med dagens bruk.

Plandokument:

Reguleringskart

Reguleringsføresegner

Planomtale

ROS-analyse

Saksutgreiing PSU-sak 73-21

Saksprotokoll PSU-sak 73-21

 

Eventuelle merknader må sendast skriftleg til Luster kommune, pb 77, 6866 GAUPNE, eller i e-post til postmottak@luster.kommune.no innan måndag 29. november 2021.

Varsel om oppstart av planarbeid høyringsfrist 05.05.21

I samsvar med §§ 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova vert det varsla om oppstart av arbeid med "Detaljreguleringsplan Hafslotun" gbnr 153/18, 153/19, 153/21 og 153/27 på Hafslo. Frist for innspel  5. mai 2021.

Området er i kommuneplanen sett av til fritids- og turistføremål. Samla er det på ca. 47 daa.

Dagens bruk på eigedomane er privat tenesteyting. Det betyr at bruken ikkje er i samsvar med kommuneplanen. Det er eit ynskje både frå eigarane og Luster kommune at planområdet vert omregulert til det det vert nytta som – privat tenesteyting. Plangrensa kan bli endra mot F55 Lustravegen, dersom siktlinjer for avkøyrsla krev det.

Planarbeidet er vurdert til ikkje å verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar.

Arkitektkontoret 4B gjennomfører planarbeidet for grunneigar Ecura Bo og Habilitering. Terje Ottar Melheim er deleigar av eigedomen 153/18. Han er informert om oppstart av planarbeidet.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Arkitektkontoret 4B, Guri Fonsdal, guri@arkitektkontoret4b.no

Innspel til varsel om oppstart av planarbeidet kan sendast til: Arkitektkontoret 4B, Trolladalen 30, 6856 Sogndal eller post@arkitektkontoret4b.no innan 5. mai 2021.