Kunngjering av vedtak vert gjort i samsvar med pbl. § 12-12.

Planen er lagt ut på servicetorget i Rådhuset.

Fristen for å klage på vedtak av planen er sett til 28. november 2021. Eventuell klage må sendast skriftleg via e-post til postmottak@luster.kommune.no eller til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne. Klagen skal grunngjevast og innehalda opplysningar om kva tilknyting klagaren har til det regulerte området. Eventuelle krav om innløysing eller erstatning må setjast fram skriftleg innan 3 år frå offentleg kunngjering av vedtaket, jf. §15-2 § 15-3 i plan- og bygningslova.

 

Vedlegg:

Reguleringsføresegner – endra etter offentleg utlegging

Saksutgreiing

Protokoll

Plankart, planomtale og ROS-analyse er ikkje endra etter offfentleg utlegging.

Offentleg ettersyn. Høyringsfrist 20.08.21

Plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune vedtek med heimel i plan- og bygningsloven §12-14 å legge forslag til detaljreguleringsplan Massedeponi Lie med føresegner datert 06.07.2021, ut til offentleg ettersyn.

Luster kommune har motteke forslag til reguleringsplan for massetak Li på Indre Hafslo. Rådmannen meiner dette i utgangs er eit positivt tiltak, sjølv om det ikkje er i tråd med overordna planer. Rådmannen rår til at forslag til reguleringsplan vert lagt ut til offentleg ettersyn.

Utval som har vedtaksmynde:
Mynde til utvalet er gjeve i fylgjande lov, forskrift eller delegeringsmynde:
Plan- og forvaltningsutvalet er fagutval og legg saka ut til offentleg ettersyn, samt fram for Kommunestyret.
Kommunestyret er organ med godkjenningsmynde.

Fakta:
Luster kommune har motteke forslag til privat reguleringsplan frå Lie stein og anlegg AS, som også driv steinbrotet i Lie på eigedommen 123/3. 123/3 er eigd av Rolf Lie, som også eig 50% av firmaet. Frå administrasjonen si side ser ein at det å ha eit godkjent massedeponi for mottak, sortering og gjenbruk av massar er viktig med tanke på å halde områda i kommunen ryddige og det er berekraftig med tanke på gjenbruk av massar. Eit massedeponi i Li er sentralt i forhold til dei områda i kommunen med størst byggeaktivitet. Dette saman med nærleiken til steinbrotet og dei samdriftsfordelane dette gjev, gjer til at administrasjonen vurderer denne lokaliteten som godt egna til massedeponi.

Massedeponi-steinbrot.JPG
Planområdet vist saman med gjeldande reguleringsplan for Steinbrot i Li)
Planområdet grensar inn mor reguleringsplan steinbrot Li. Som det går fram av kartet under, så er planområdet vist som LNF-område i kommuneplanen, arealdelen, og planforslaget er følgjeleg ikkje i tråd med gjeldande kommuneplan.

Luster kommune meiner at dette er eit tiltak som på sikt vil gå tilbake til LNF-område, og at behovet tilseier at planmessig klargjering gjennom reguleringsplan er ønskjeleg. Kommunen vurderer ikkje tiltaket for å vere av ein slik karakter at konsekvensvurdering er naudsynt.

Planområde K-plan.JPG
Utsnitt av gjeldande kommuneplan
Som det går fram av ROS-analyse og plankart, så ligg området innanfor aksemdskart for jordskred og utløpsområde for snøskred, kart 3 og 4. Det er ikkje gjort konkrete farevurderingar her. Luster kommune stør seg på ROS-analysen som seier noko om historiske tilhøve innanfor dei seinare åra. Kommunen meiner tiltaket ikkje fell innanfor tiltak i TEK17, og har ikkje stilt krav om detaljvurdering av naturfarar i planområdet. Samstundes forheld ein seg til aktsemdskarta, og tek nokre omsyn deretter.

Jord-flaumskred.JPG
Jordskred aktsemdskart

Stein-snoskred.JPG
Utløpsområde snøskred, aktsemdskart
Når det gjeld sjølve planforslaget, så er det sett av eit areal som er regulert til kombinert føremål massedeponi og landbruksføremål. Dette er med tanke på at når deponiet vert avslutta, så ligg det i føresegnene at det skal tilbakeførast til LNF-område.

Møtedokument frå offentleg møte i plan- og forvaltningsuvalet 23.06.2021
Det vert elles vist til plankart, føresegner, planomtale og ROS-analyse for meir informasjon.

Plankart
Reguleringsføresegner
Planomtale
ROS-analyse

Varsel om oppstart

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vert det varsla om oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Massedeponi Lie, gnr. 123 bnr. 3 på Indre Hafslo, Luster kommune. Frist for innspel 25.04.20.

Føremålet med reguleringa er deponering og bearbeiding av gravemassar av organisk materiale, primært frå uttak av tomtar. Omsøkt område har Plan-ID 2020005 og er eit ca. 14 da stort område, synt på kartutsnitt under.

Massedeponi Lie.jpg

Planen for deponering er LNF-område i gjeldande kommuneplan. Ny bruk vert bygg- og anlegg, massedeponi og landbruk. Sivilingeniør Elias Bolstad gjennomfører planarbeidet for grunneigar Rolf Lie.

Merknader/innspel i samband med varsel om oppstart kan innan 25.04.2020 sendast: Elias Bolstad, Bolstadvegen 121, 6876 Skjolden eller på e-post: elias@bolstad.inf