Private vasskjelde knytt til Dalselvi må ikkje drikkast
Den 21.juli rann det ut store mengder husdyrgjødsel frå eit gjødsellager i øvre del av Dalselvi. Dette påverkar ikkje den kommunale vassforsyninga, men kan påverke private drikkevasskjelde som er knytt til vassystemet. Vatn frå private vasskjelde knytt til elva må ikkje drikkast.
Kommunen ber dei som har slike private kjelde kontakte kommunen slik at ein kan få oversikt over omfanget.