Private vegar - tilskot til vedlikehald

Målgruppe

 Dei som har sommar og vintervedlikehald av privat veg som fører til fast busetnad.

Søknadsfrist

Vert annonsert i januar kvart år. Vegar som er godkjende for tilskot treng ikkje søkja på nytt kvart år. Endringar i tal interessentar/veglengd skal straks meldast kommunen.  

  1. Vegar over 300 m har rett til tilskot. For alle vegar skal det trekkast frå 100 m pr. interessent før tilskotssummen vert utrekna.
  2. Tilskot vert gitt etter søknad der det skal gå fram lengde på vegen og talet interessentar *). Mottakaren av tilskotet forpliktar seg til å gje kommunen melding om endringar i desse opplysningane.
  3. Tilskotet vert utbetalt ein gong for året etter dei til kvar tid gjeldande satsar til kontaktperson for vegen.
  4. For områda: Veitastrond, Ytre og Indre Hafslo, Mollandsmarki, Leirdalen, Vigdalen, Jostedalen, Kolstadvegen, Rebnivegen, Svensøy-Granfasta, vegen til Åsen og vegen til Berge vert det gitt 25% tillegg på gjeldande grunnsats.
  5. For vegar med ein gjennomsnittleg stigning større enn 1:10 vert det gitt eit tillegg på 10% til grunnsatsen. For vegar med gjennomsnittleg stigning større enn 1:8 vert det gitt eit tillegg på 25%.
  6. På vegar med spesielt stor trafikk kan det gjerast vedtak om særlege satsar. Bruken må då vera knytt til ålmenne interesser.
  7. Rådmannen fastset grunnsatsen innanfor vedtekne budsjett.
  8. Tilskot mindre enn kr. 1.500,- vert ikkje utbetalt.
  9. Tilskotet vert tilvist frå budsjettpost 1.765.341.

    *) Som interessent vert rekna kvar eigedom (gbnr.) med heilårsbustad.
Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

 Terje Arild Kveane                        

 Einingsleiar 
 Terje Arild Kveane
 

Teknisk drift

Tlf. 57 68 57 20
Epost

Våre einingar

Dokument

Web levert av CustomPublish AS