Psykisk helseteam:
Helsesenteret i Gaupne.
Kontor i 2. høgda
Kontortid:
Mån - Fre 08.00 - 15.30
Tlf: 57 68 56 34
Psykisk helseteneste skal yte hjelp og støtte til personar med psykiske vanskar.
Psykisk Helseteam ynskjer å gje brukarane eit tilbod ut frå kjennskap til den einskilde sine personlege mål, ressursar og problem. Tenesta tilbyr hjelp og oppfølging til brukarar i heile kommunen og samarbeidar med til dømes legekontoret, NAV, helsestasjon, heimetenesta, sjukeheimstenesta, Luster arbeidssenter m.fl.
Alle tilboda til Psykisk Helseteam er gratis.
Her er skjemaet som du brukar for å søke om psykisk helseteneste
Huset:
Huset er ein møteplass for sosialt samvær og aktivitet. Møteplassen ligg i Nesgården 2, øyagata i Gaupne.
Opningstider: Måndag 09.00 - 15.00, onsdag 14.00 - 19.00
KID kurs:
Luster kommune arrangerer årleg kurs i meistring av depresjon. Oppstart kurs er Januar (les meir under Dokument)
Fysisk aktivitet:
I Psykisk Helseteam er det oppretta ei prosjektstilling med fokus på fysisk aktivitet for brukarar av tenesta. Kroppen er skapt for rørsle, både forskning og erfaring viser at knapt noko er betre for kropp og sjel enn fysisk aktivitet. (les meir under Dokument)
Alle som slit med psykiske vanskar, uansett alder. Du kan ta direkte kontakt med Psykisk Helseteam, du treng ikkje henvisning av lege eller psykolog for å få hjelp.
Tenesta er gratis
Du kan få:
Du vil få hjelp når behovet er til stades
Ingen søknadsfrist
Vedtak kan klagast på til Luster kommune ved rådmann innan 4 veker.
Med heimel i Lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982, §2-4.
Dersom klagen ikkje vert teke til følgje, eller vert avvist, må du klage på nytt til Luster kommune v/rådmann eller oppretthalde klagen. Dersom klagen ikkje vert teke til følgje, eller vert avvist, vert den vidaresend til Fylkeslegen.
Psykisk helseteam:
Helsesenteret i Gaupne.
Kontor i 2. høgda
Kontortid:
Mån - Fre 08.00 - 15.30
Tlf: 57 68 56 34
