Psykisk helsevern
Psykisk Helseteam ynskjer å gje brukarane eit tilbod ut frå kjennskap til den einskilde sine personlege mål, ressursar og problem. Tenesta tilbyr hjelp og oppfølging til brukarar i heile kommunen og samarbeidar med til dømes legekontoret, NAV, helsestasjon, heimetenesta, sjukeheimstenesta, Luster arbeidssenter m.fl. Alle tilboda til Psykisk Helseteam er gratis.
Her er skjemaet som du brukar for å søke om psykisk helseteneste
Huset: Huset er ein møteplass for sosialt samvær og aktivitet. Møteplassen ligg i Nesgården 2, øyagata i Gaupne. Opningstider: Måndag 09.00 - 15.00, onsdag 14.00 - 19.00
KID kurs: Luster kommune arrangerer årleg kurs i meistring av depresjon. Oppstart kurs er Januar (les meir under Dokument)
Fysisk aktivitet: I Psykisk Helseteam er det oppretta ei prosjektstilling med fokus på fysisk aktivitet for brukarar av tenesta. Både forsking og erfaring viser at knapt noko er betre for kropp og sjel enn fysisk aktivitet. Aktivitet og trening gjev energi og overskot til å takle utfordringar i dagleglivet, og samanhengen mellom fysisk og psykisk helse vert stadig betre dokumentert (les meir under Dokument)
Kommunepsykolog: Psykolog knytt til PPT har og kommunepsykologiske oppgåver, m.a. klinisk arbeid og akankontakt. Psykologen samarbeider mellom anna med helsestasjonen, legane, psykisk helseteam, barnevern og ruskonsulenten.


