Rådmannen tilrår ikkje kraftbygging i Jostedal og Vigdalen

Statkraft Energi AS har søkt om konsesjon for overføring av Vestsideelvane, heving av Tunsbergdalsdammen og utbygging av Vigdøla kraftverk. Rådmannen kan ikkje tilrå at Statkraft får desse konsesjonane.
Formannskapet handsamar saka i møte den 12. oktober, og kommunestyret tysdag den 18. oktober.

 Søknadene frå Statkraft har lege ute til høyring frå mai til medio august 2011. Høyringsfristen var først sett til 15. august, men Luster kommune fekk utsett fristen til 25. september for å tilpassa saka til første kommunestyremøte etter ferien. Seinare fekk kommunen ytterlegare utsetjing til 20. oktober m.a. for at ein skulle kunna fanga opp andre sine innspel i saka.  

 
I høyringsperioden arrangerte Statkraft og NVE folkemøte på utbyggingssakene i Jostedalen. Fleire av dei som har sendt inn merknader til NVE har sendt kopi av uttalene til kommunen. For dei av uttalane som var komne kommunen i hende i rimeleg tid før saka måtte skrivast, er hovudinnhaldet referert i saksutgreiinga. Andre som er komne inn like før utsendingsfristen for formannskapet, er berre lagde ved saka.
 
Etter ønskje frå formannskapet har forhandlingsutvalet til kommunen, som har bestått av ordføraren og to andre frå formannskapet, saman med administrasjonen og advokaten som kommunen har knytt til seg i saka, arbeidd for å få til ein utbyggingsavtale med Statkraft.
 
Prosessen med å få til ein utbyggingsavtale har vore krevjande som følgje av at det undervegs har vore uklårt om Statkraft ville tilby Luster kommune ein slik avtale. Dei signala selskapet kom med på eit første innleiande møte (19.11.10) vart av kommuneleiinga oppfatta slik at ein ikkje var innstilt på å tilby ein utbyggingsavtale. På eit møte tidleg i høyringsfasen (08.06.11) vart det derimot uttrykt at ein var open for å drøfte ein slik avtale – sjølvsagt innafor visse rammer. Dette ”skiftet” gjorde sitt til at kommunen sitt politiske forhandlingsutval ikkje har fått arbeidd kontinuerleg med saka.  
 
Kommunen sin bruk av advokat må sjåast i samanheng både med saka sitt omfang, saka sin kompleksitet og dei tidsfristar vi har måtte rette oss etter i ulike fasar av arbeidet.
 
I heile prosessen har det vore tett og god dialog mellom rådmannen og kommunen sin advokat. For rådmannen har det vore naudsynt å bruke advokaten også i arbeidet med å skrive denne saka. Reint teknisk forklarar det kvifor det meste av saksutgreiinga er skrive (av advokaten og) på bokmål. Dialogen mellom rådmannen og advokaten har likevel vore av ein slik art at rådmannen står inne for dei fakta, vurderingar og konklusjonar som vert presenterte.
 
Rådmannen sine vurderingar munnar ut i ein konklusjon om at Statkraft ikkje bør få konsesjon for dei omsøkte utbyggingane. I den prosessen og dei forhandlingane kommuneleiinga har hatt med Statkraft har kommunen kome med eit framlegg til ein utbyggingsavtale. Denne har Statkraft ikkje kunne akseptere. Statkraft har på si side tilbode kommunen ein avtale med eit anna innhald. Rådmannen vurderer denne avtalen som ikkje god nok - ut frå ei samla vurdering.
 
Begge dei nemnde avtalane følgjer saka som prenta vedlegg. Det inneber at kommunestyret - både sakleg og teknisk – kan leggje seg på ein annan konklusjon enn den som følgjer av rådmannen si tilråding.           
 
Utfallet av ”makstaksaka” kan få mykje å seie for Luster kommune, også når det gjeld ev. framtidig eigedomsskatt frå dei omsøkte utbyggingane. Datoen for framlegginga av statsbudsjettet er 6. oktober, dvs. utsendingsfristen av denne saka til formannskapet. Ei oppdatering om dette vil difor bli ettersend og lagd ved saka.

Saksutgreiing med tilhøyrande vedlegg i sak 98/11.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS