Rådmann Jarle Skartun
Tlf. 57685503 / 91866005
Epost
Rådmannen
Jarle Skartun er rådmann i kommunen.
Rådmannen er øvste administrative leiar for heile den kommunale organisasjonen. Han har tilrådingsrett i alle saker til politiske organ, har ein overordna oppfølgings- og støttefunksjon for alle brukarretta tenester og avgjer sjølv ein del saker etter fullmakt frå kommunestyret. Luster kommune er organisert etter ein 2-nivå-modell, både politisk og administrativt.
Hos rådmannen er det 8 stabseiningar, kvar med eigne stabsleiarar: Personal/organisasjon, økonomi, eigedom, oppvekst, pleie/omsorg, plan, næring og servicetorget. Rådmannen arbeider tett saman med desse i ei eiga "rådmannsgruppe”. I denne gruppa har rådmannen peika ut primære kontaktpersonar for alle underliggjande og brukarretta tenesteeiningar. Rådmannsfunksjonen skal stø opp under tenesteeiningane, medan desse - innafor eigne budsjett og fullmakter – skal yte best mogleg tenester til innbyggjarane. I Luster har vi for tida 26 tenesteeiningar. I tillegg yter vi tenester gjennom samarbeidstiltak som Sogn kulturskule, Sogn barnevern, NAV Luster, Simas og Sogn Brann og Redning.
Luster kommune sitt samla styringssystem er uttrykt og visualisert i eit eige årshjul, som viser korleis årsspesifikke og periodiske prosessar (tenesteplanlegging, budsjettering mv) og aktivitetar (brukarundersøkingar, medarbeidarsamtaler mv) er lagt opp i eit fast samspel mellom politiske nivå, rådmannen og tenesteiningane.
I den kommunale organisasjonen arbeider vi kontinuerleg for å få til effektiv drift, god informasjonsflyt, god koordinering av tenester, meir tverrgåande samarbeid, heilskapleg leiarskap og myndiggjorde og tilfredse medarbeidarar og - ikkje minst - nøgde brukarar.
Organisasjonskart for Luster kommune

