• Redusert foreldrebetaling har ein rett på viss maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til husholdninga. Frå 2020 er inntektsgrensa 574 750 kroner.
  • Gratis kjernetid på 20 timar for 2-, 3-, 4- og 5-åringar og barn med utsett skulestart, gjeld for husstandar som har ei samla inntekt lågare enn 548.500 kroner. Frå 1. august 2020 vert grensa kr 566 100.

For begge ordningane gjeld: Som husstand vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Der barnet/barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå samla kapital- og personinntekt i husstanden.

Skattemelding for husstanden må leggjast ved søknaden som dokumentasjon. Dersom nokre opplysningar om skattepliktig person- eller kapitalinntekter ikkje kjem fram i skattemeldinga, er søkjar pliktig til å opplyse om dette i søknaden.

Du treng berre sende ein søknad. Oppfyller du krava til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, vil dette bli innvilga samtidig.

Søk om redusert foreldrebetaling /gratis kjernetid

Ved søknad om redusert betaling / gratis kjernetid etter søknadsfristen, vil ordninga tre i kraft månaden etter at vedtaket er gjort.

Viss de har spørsmål om redusert foreldrebetaling eller gratis kjernetid, gjer vel og ta kontakt med barnehagekonsulent Oddbjørg Ese, telefon 57 68 55 20

Meir informasjon om foreldrebetaling