A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage


For begge ordningane gjeld det at føresette må søkje kommunen og leggje ved dokumentasjon.
Les meir om ordningane nedanfor.

Reduksjon av foreldrebetaling

Ordninga går ut på at ingen husstandar skal betale meir enn 6 % av samla inntekt for ein barnehageplass. Frå 2019 gjeld dette for husstandar som har ei samla inntekt lågare enn 541 500 kroner per år.

Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar i barnehagen
Frå 1. august 2019 er ordninga utvida til også å gjelde 2 åringar. Gjeld for husstandar som har ei samla inntekt lågare enn 548.500 kroner

For begge ordningane gjeld:

Som husstand vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Der barnet/barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå samla kapital- og personinntekt i husstanden.

Sjølvmelding for husstanden må leggjast ved søknaden som dokumentasjon. Dersom nokre opplysningar om skattepliktig person- eller kapitalinntekter ikkje kjem fram i sjølvmeldinga, er søkjar pliktig til å opplyse om dette i søknaden.

Du treng berre sende ein søknad. Oppfyller du krava til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, vil dette bli innvilga samtidig.

Søk om redusert foreldrebetaling /gratis kjernetid frå  1. august 2019

Søknadsfrist 1. juni 2019.

Vi gjer merksam på at alle må søkje på nytt ved kvart barnehageår. For dei som har hatt redusert foreldrebetaling i inneverande år må ny søknad sendast til Luster kommune innan  1. juni 2019.

Ved søknad om redusert betaling / gratis kjernetid etter søknadsfristen, vil ordninga tre i kraft månaden etter at vedtaket er gjort.

Viss de har spørsmål om redusert foreldrebetaling eller gratis kjernetid, gjer vel og ta kontakt med barnehagekonsulent Oddbjørg Ese, telefon 57 68 55 20

Meir informasjon om foreldrebetaling

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS