Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Redusert passering grunna anleggsarbeid ved og over gangvegen mellom Stolpen og Galden

Ved etablering av ny gangveg til Botn bustadfelt vil det foregå ein del anleggsarbeid i og ved gangvegen under Siesagi frå måndag 28. oktober og to veker framover.

Gangvegen vert ikkje heilt stengt for gåande/syklande, men me ber dykk følgje tilvisingane om kva gangareal som skal nyttast.

Det er sendt direktemelding på SMS til byggjefelta Galden og Hestnes.