A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Skule:

Referat frå foreldremøte 25.aug

Pedagogiske satsingar, læringsmiljø, skuledemokrati, nye datasystem og oppfølging av foreldremøtet om skjermtid/nettvet.

  1. Spørsmål frå foreldra (alle skulle tenkje 2 minutt, skrive ned det dei ynskte svar på i løpet av møtet)
    • Kan det gjerast noko med bussturen/busstidene (særleg dei dagane bussen framover først går til Espe etter skuletid)? Svar: Mette sjekkar med dei ansvarlege på Fylket
    • Kan bussen som går til Gaupne etter skuletid nyttast som rutebuss til trening o.l.? Svar: Mette sjekkar med dei ansvarlege på Fylket.
    • Visma skule: Bør meldingsboka vere via dette systemet når det fungerer godt med papirmeldingsbok? Svar: Om det vert ein smidig løysing med app på mobil, kan det fungere betre enn papirmeldingsboka me har no. Me nyttar papirmeldingsboka førebels, men Mette testar ut app når det er på plass. Målsetting: Meldingsbok på mobil i løpet av skuleåret.
    • Nasjonale prøver - kan ein seie noko om gjennomsnittlege resultat om ein legg saman tala frå dei siste åra? Mette: Resultata seier ikkje noko om skulen sitt bidrag til læringsutbyttet så lenge ein ikkje kontrollerer for foreldrebakgrunn, men reint resultatmessig har Jostedal sitt gjennomsnitt over dei siste 6 åra (som er dei tala Mette har i hovudet) drege opp snittet i kommunen, ikkje ned.

 

  1. Informasjonssaker :
  • Pedagogiske satsingar dette året
    • Mette forklarte om vidare satsing på FELLES LÆRINGSSTRATEGIAR der kvart av trinna skal møte same strategi i ulike fag på same tid for å sjå at strategien har gyldigheit utover det enkelte emnet eller den enkelte læraren. Lærarane har strategiundervisning som tema på fellesmøte kvar fjerde veke for å sikre felles forståing av stretegiane som skal brukast.
    • Det Mette gløymte å seie: Dette året har me delt skuleåret inn i 5 BOLKAR der me vil prøve ut ein metode for undervisningsplanlegging som vert kalla "Baklengsplanlegging". Det vil (kort fortalt) seie at ein startar med å planlegge ein bolk ut frå nokre få, større kompetansemål (frå læreplanen), i staden for å planlegge ut frå kapittel i læreboka.
  • Samarbeid skule-heim
    • Mette forklarte om tanken bak vekeplanen som ein kombinasjon av arbeidsplan for veka og eit slags vekebrev til føresette. Meininga er å utnytte dei store tidsressursane lærarane legg i vekeplanane gjennom året gjennom at føresette både sjekkar vekeplanen måndag for å sjå kva som skal skje av læring og aktivitetar OG går gjennom i lag med ungane torsdag (eller i løpet av helga) for å høyre kva dei driv med, om dei kan forklare det dei skulle lære, og markere på vekeplanen om noko verkar vanskeleg eller uklart.
  • Læringsmiljø, mobbeførebygging
    • Mette informerte om at alle elevar har lovfesta rett til å ha det bra på skulen - retten til å trivast på skulen (§9a i Opplæringslova). Om føresette eller tilsette har mistanke om mistrivsel, meld frå til skulen. Skulen har plikt til å undersøkje saka, og gjere enkeltvedtak om at me meiner det er grunn til tiltak eller ikkje. Om vedtaket er at me meiner det ikkje er grunn til tiltak, kan den som har meldt saka klage på dette vedtaket.
    • Jostedal skule er godkjend "Olweus-skule". Dette tyder ikkje at ikkje mobbing kan skje ved skulen, men det sikrar eit grundig system for å førebygge mobbing og gir oss verktøy for å jobbe godt med skulemiljøet. M.a. skal me ha klassemøter minimum annankvar veke der me tek opp emne som har med mobbing, utestenging, trivsel å gjere, og lærarane skal minimum kvar sjette veke ha samtalegruppe der det same er tema.
  • Skuledemokratiet
    • Elevrådet - målsetting: 6 møter i løpet av året og ta opp andre saker enn gjennomføring av karnevalet.
    • Rådsorgan: Sjå eiget punkt på nettsidene våre (http://luster.custompublish.com/raad-og-utval-oversikt-20162017.5900920-256052.html)
    • Om de reagerer på noko ved skulen sin praksis - ta det først opp med kontaktlærar eller Mette, så får me oppklart misforståingar før ei evt handsaming i rådsorgana.
  • Nye datasystem (Office 365 og Visma flyt skule)
    • Mette synte korleis elevane loggar på Office365 (men obs: IKKJE installer Officepakka på maskiner heime før de har fått eit kommunalt brev om dette!) og korleis føresette loggar på det nye skuleadministrative systemet Visma Flyt Skole (https://skole.visma.com/luster).
    • Ein av foreldra var prøvekanin, og då kom det feilmelding (fekk ikkje logge på), så meir info om pålogging kjem når Mette har fått svar på dette.
    • Det alle føresette må gjere når dette er klart: Legge inn mobilnummer og e-postadresse + krysse av på "samtykker". Meir info kjem når alt er klart, og me kan t.d. opne skulen for at føresette kan komme dit og logge på med rettleiing frå Mette!

 

  1. Oppfølging frå foreldremøte i vår: SKJERMTID/NETTVET

Spørsmål:

Kva er det me er redde for at ungane mistar når dei brukar mykje tid "på skjerm"?

Korleis kan me som foreldre hjelpe kvarandre for å at innhald og tidsbruk "på skjerm" er mest mogleg som me ynskjer?

Refleksjon og samtale med sidemann, rekkjeframlegg av kva som kom fram:

  • 2 spelefrie dagar i veka
  • Dele opp aktivitetane, avtale halvtime speling så gjere noko anna
  • Avtale tidsgrense
  • Vere med dei når dei speler
  • Tilby annan aktivitet i lag med vaksne
  • Vere ærlege om at dette er vanskeleg - vanskeleg å vite kva dei kjem borti, særleg når det er på små mobilskjermar
  • Dei som bur nært kvarandre (døme: Byggefeltet) bør ha same speletider, slik at ikkje ungane går frå heim til heim der det er speletid
  • Vere einige om at aldersgrenser vert haldne (med bruk av skjønn), 18 års aldersgrense bør vere absolutt slik at ein ikkje treng å vere redd for kva spel ungane speler hos andre
  • Lettare å ha låg terskel for å spørje kvarandre når dette har vore oppe i foreldregruppa
  • Prate med ungane om spela ("Viss du skal spele, skal me prate om spelet etterpå" e.l.)
  • Vere obs på at me er rollemodellar - om me forsvinn bak mobilen, lærer me ungane å gjere det same
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS