A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehage:

Referat frå foreldremøte 29.sep

Jostedal Barnehage:

REFERAT FRÅ FORELDREMØTE

29. sept 2015 kl 19.30

 

Desse møtte:

Marte Meland, Ellen Kynningsrud, Kine Eggen, Sara og Bjørn Gjelsten, Anny Snøtun, Einar Hesjevoll, Mette Reinertsen/Kåre øst, Frank Smedegård, Jostein Åsen, Vidar Aasen + personalet i barnehagen

  1. Velkommen
  2. Bilder frå oppstart og turar
  3. Utbygging/ombygging: Rektor Mette informerte om status i saka ang utviding/ombygging av barnehagen. Pr. no er det ikkje noko ny informasjon å formidle etter forrige foreldremøte som var felles for heile oppveksteret.
  4. Årsplan for barnehagen: Anne Kristin viste til dokument som gjev ein del av grunnlaget for årsplanen me har utarbeida i barnehagen. Her er det Barnehagelova, Rammeplan, Utviklingsplan for kommunen, Overordna leseplan som ligg i botn. Ut frå dette har barnehagen sin eigen årsplan som dei har som arbeidsplan i kommande barnehageår.

Tema og satsingsområder vart ekstra i fokus; Fysisk aktivitet, Samtale og Musikk med barna, er noko me vil ha ekstra fokus på. I tillegg vidareførar me tema innan språkutvikling frå forrige år.

Prespas (samarbeid ang fysisk aktivitet med HISF) har me ikkje noko meir info pr i dag, men me ventar på at dei tek kontakt for oppstart.

  1. Informasjon om kven som jobbar hos oss
  2. Nissefest er bestemt til torsdag 3. desember 2015
  3. Foreldresamtalar vert  i okt/nov. Foreldra får eigen innkalling.
  4. Oppdatering av telefonlilste/e-post til foreldra. Viktig at me har telefonnr der me kan raskt få tak i foreldra.
  5. Garderobeplass/tørking av klede: Foreldra må passe på at barna har tørre kle i barnehagen kvar dag, både sko, ytterklede og bytekle. Me har liten tørkeplass, og når klede heng tett vil dei ikkje tørke over natta. Dette medfører at foreldre må ta klede heim for tørking.
  6. Allergiar: Barnehagen har eit barn med egg-allergi. Viktig at alle tek omsyn til dette, og ikkje ta med frukost som innehelg nokon former for egg i.

I tillegg er fleire av personalet plaga med migrene som blir utløyst av sterke lufter, t.d. parfyme, sterke skyllemiddel i kled. Me ber foreldra ta omsyn til dette.

  1. Ynskje om felles fotografering i løpet av året
  2. FAU/SU: Frå foreldra blir det Ellen, Kine, Marte og Bjørn.
  3. Kva lærer barnet ditt når det leikar? Gruppeoppgåve to og to, med felles oppsummering. Me kom fram til følgjande punkt:
  • Språk
  • Kreativitet
  • Samspel
  • Motorikk
  • Lytte
  • Empati
  • Humor
  • Samhandling
  • Rolleleik
  • Utvikle fantasi
  • Finmotorikk
  • Logikk og planlegging
  • Samarbeid
  • Konstruksjon, romkjensle
  • Kommunikasjon
  • Få seg venner
  • Lære å dele
  • Ta hensyn til kvarandre
  • Konfliktløysing
  • Begrepslæring
  1. Avslutning med video som 5-åringane og Andrea har laga. «Blåbærturen» av Alf Prøysen.
  2. Takk for frammøte og vel heim

 

Jostedal oppveksenter/barnehage

Ass.rektor/styrar Anne Kristin  H. Halveg, 12.oktober 2015

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS