Referat frå foreldremøte 29.09.20
Orientering om skuleåret
Det vart orientert om:
-vekeplanar og korleis desse fungerer. Vekeplanar legg vi ut på heimesida til skulen og på Teams, Elevkull 2007. Prøvar og anna informasjon kjem på vekeplanen. Lekse er frå onsdag til tysdag.
- Det er fint om alle elevane brukar innesko.
-klassen brukar inngangen ved gymsal(på nedsida av samfunnsbygget),og har garderobar der.
-Elevane kan bruke mobiltelefon i friminutta. Det er mobilfri veke siste veka i kvar månad.
-I veke 37-38 vart det gjennomført nasjonale prøvar i lesing, rekning og matematikk
-Det vert jobbskygging i arbeidslivet og hospitering på vidaregåande skule til våren
Pals-positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling
Skulen har utarbeidd eit pals-årshjul. Kva fokus vi har står på vekeplanen.
Visma
Kommunikasjon mellom skule og heim skjer via Visma
Turar
-Dagstur til Mollandsmarka via Kjosastølen, Vetleskog og Huarplassen.
Håpar på overnattingstur til våren.
Studietur i 10.klasse
Det vart bestemt at vi skal på tur til Tyskland og Polen i 10.klasse
Minna om at foreldre orienterer seg om paragraf 9A i opplæringslova som handlar om at alle skal ha eit trygt og godt læringsmiljø, og les gjennom ordensreglane som ligg på heimesida.
Ymse
-Foreldra diskuterte diverse dugnadsaktivitetar til inntekt for studieturen.
17.mai, fiskefestivalen og bruktbutikken er dugnadsarbeid/oppdrag i 8.klasse.
Andre oppdrag/dugnad vert diskutert og bestemt seinare av klassekontaktane/dugnadsgruppa.
-Sandya Beheim Karlsen informerte om nattuglene og oppmoda foreldre til å bli med.
Ref. Terje/Marianne