A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

22.sep 2015

Referat frå klasseforeldremøte 2.-4.kl og 5.-7.kl

Her oppdatert MED referatet frå 2.-4.klassemøtet!

Foreldremøte  for 2., 3. og 4. klasse

  • Skulen er todelt i år og 2., 3. og 4. klasse er då ei gruppe. Men me er mykje delt, 2. klasse for seg og 3. og 4. klasse for seg.  Det er berre i Olweus-timane at alle tre klassane er saman.
  • Vekeplan. Alle får vekeplan kvar måndag. Der står kva me skal gjere på ei side og leksene på den andre. Leseleksene er til kvar dag, men det andre er vekelekse. De må hjelpe elevane å finne tid til å gjere leksene. Viktig å snakke om det eleven har lese, innhald og vanskelege ord.
  • I slutten av veka, gå gjennom vekeplan og fargelegg i lære-raden i matte, norsk, engelsk og sosial kompetanse. Lever vekeplanen med underskrift og fargelagd fredag eller måndag (grønt: dette forstod eg, gult: dette forstod eg litt av, men noko var vanskeleg, raudt: dette forstod eg ikkje, det var vanskeleg). Dette er ei god hjelp for oss lærarar for å sjå kva me skal jobbe litt ekstra med.
  • Sosial kompetanse: Det me har snakka om no er å gjere andre glad. Fint om de kan spørje elevane heime om kva dei har gjort i dag for å gjere nokon glad.
  • Busskort: Nye busskort, dei må vise det kvar tur. Skal ein ta den andre bussen, må ein ha med peng (15 kr.)
  • Fint om de passar på at pennal og bøker ligg i sekken kvar dag
  • Utover hausten no er det viktig at alle har noko skiftetøy i korga si.
  • Mette tok opp kva som skjer ved krenkande åtferd, hadde rollespel av "samtale på rektor sitt kontor" med Ronny, Bjørn Inge og Vidar. Ho har samtale med dei involverte, kvar for seg og saman. Etterpå ringjer ho heim for å informere foreldra.

Ruth

Klasseforeldremøte 5.-7.klasse

Tilstades: Ingar, Jannicke, Morten, Ronny, Oddmund, Anny, Jane, Bente, Gro Kirsti.

  • Gjennomgang av timeplanen inkludert samtale om overgangen frå tredelt til todelt skule.
  • Nye satningsområder: Læringsstrategiar, lesestrategiar.

Arvid gjekk gjennom strategiane VØL-skjema og omgrepshus, synte dei på tavla.

  • Vekeplanen: Arvid gjekk gjennom vekeplanen og korleis denne skal verta gått gjennom av foreldra i lag med elevane.
  • Ny busskortordning: Frå og med no må elevane ha med seg busskort kvar gong dei skal ta bussen.
  • Gymklede: Me er einige om at alle skal ha med gymklede og dusje etter gym så snart ein byrjar med innegym.
  • Informasjonskanalar: Vekeplanen vert nytta som hovudinformasjonskanal.
  • Mette gjorde ein «vekeplangjennomgang» med foreldra for å syne korleis dette foregår, kva som er den pedagogiske baktanken med det (at elevane skal få ein ekstra gjennomgang for å lære stoffet enno betre + fremje kultur for å kunne ta sjansar og at det er bra å ta feil eller tykkje noko er vanskeleg). Foreldra fekk òg eit innblikk i kva konsekvensar det har om gjennomgangen vert gjort eller ikkje.
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS