Til: Kom i gang med søknaden så tidleg som mogleg. Kommunen kan svare på spørsmål (Liv Ellingseth tlf. 57 68 55 13) , men skal ikkje føre inn søknadar. Dersom de må ha hjelp til utfylling av dei digitale søknadsskjema, må de søke hjelp hos familie/naboar/kjende eller gjere ein avtale med Landbrukstenester Sogn (bestill time per telefon 909 62 157).

Korleis søke RMP: her finn du brukarrettleiing på video og pdf

Utfylling av søknad:

Gå inn via Landbruksdirektoratet sine sider https://www.landbruksdirektoratet.no/no/. Klikk på «Tilskudd» i meny til venstre. Undeer «Jordbruk og miljø» klikk på «Regionalt miljøtilskudd». Klikk på «Søknadsfrister og fylkenes veiledere» og vel «Sogn og Fjordane».

Her er informasjon om ordning som gjeld for Luster. I meny til venstre går du inn i søknadsbasen via Altinn.

Når du er inne i søknadsbasen er han bygd opp slik som t.d. søknad om produksjonstilskot. Sjå over Grunnopplysningar.

Neste er «Miljøtiltak i kart»: Klikk på «Tegn i kart». Du får då opp ei kartløysing eit nytt vindu:

RMP kart.jpg

 

  1. Klikk på Eiendommer og legg inn aktuelle gards- og bruksnummer. Har de fleire, må de legg inn ein og ein.
  2. Vel eigedom de skal legge inn tiltak på under «Registrer tiltak for eigedom»

  3. Velg tiltak – då kjem det opp mange val. Teksten som står her stemmer ikkje heilt med ordningane som er omtala av fylkesmannen. Under er ei opplisting av vala som er aktuelle for søkjarar i Sogn og Fjordane:

     

    1. Drift i bratt areal – hausta areal som er brattare enn 1:3 og 1:5 (blir rekna ut av systemet)
    2. Drift av bratt fruktareal – same som over
    3. Slått av verdifulle jordbrukslandskap – utan vegtilkomst, skal haustast til fôr
    4. Slått av slåttemark - slått av slåttemark og lauveng registrert i Naturbase (sjå vilkår)
    5. Beiting av kystlynghei – ikkje aktuelt i Luster
    6. Brenning av kystlynghei – ikkje aktuelt i Luster
    7. Skjøtsel av trua naturtypar - beiting av naturbeitemark og hagemark som er registrert i Naturbase
    8. Skjøtsel av styvingstre – gjeld styvingstre som er lauva eller styva i søknadsåret
    9. Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl
    10. Drift av seter – sjå vilkår
    11. Skjøtsel av freda kulturminner – må vere registrert i Askeladden
    12. Kantsone i eng – gjeld berre Dalselvi på Indre Hafslo og mark nær vassdrag 
    13. Spredning av husdyrgjødsel om våren og eller i vekstsesongen – ikkje aktuelt i Luster
    14. Nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel – sjå vilkår
    15. Spredning av husdyrgjødsel med tilførselsslange – krev eige utstyr, sjå vilkår
       
  4. Når alle tiltak er lagt inn på dei ulike eigedomane, klikk på «Tilbake til skjema»

  5. Hugs å klikk på «Hent tegnede tiltak» i søknadsbasen når du har gjort endringar.
  6. Fyll ut eigenerklæring, legg ved eventuelle vedlegg og meldingar til saksbehandlar.
  7. Kontroller søknaden før du sender han inn. Sjå feilmeldingar og rett opp.
  8. Hugs å klikke på «Send inn» når du er ferdig.