Kunngjering av vedtak vert gjort i samsvar med pbl. § 12-12.

Planen er lagd ut i papirformat på servicetorget i Rådhuset.

Fristen for å klage på vedtak av planen er sett til 28. november 2021. Eventuell klage må sendast skriftleg via e-post til postmottak@luster.kommune.no eller til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne. Klagen skal grunngjevast og innehalda opplysningar om kva tilknyting klagaren har til det regulerte området. Eventuelle krav om innløysing eller erstatning må setjast fram skriftleg innan 3 år frå offentleg kunngjering av vedtaket, jf. §15-2 § 15-3 i plan- og bygningslova.

Plandokument:

Plankart

Planomtale

Føresegner

ROS-analyse

 

Handsaming

Saksframlegg

Vedtak

Offentleg ettersyn. Høyringsfrist 27.03.21.

Plan- og forvaltningsutvalet i Luster kommune vedtok i møte 28.01.2021 (sak PFU – 6/21) å legge forslag til detaljreguleringsplan for sentrumsområdet på Gjerde i Jostedal, med føresegner, planomtale og ROS-analyse datert 14.01.21, ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. 

Hovudintensjonen til reguleringsplanen er å få eit velfungerande, trygt og triveleg bygdesenter både for dei som bur i området og for besøkande. Hotellet og butikken er to viktige element i bygdesenteret. Trafikktryggleik både for køyrande og gåande og god kontakt mot bustadfeltet Haugåsen er viktig. Utfyllande informasjon finn ein i plandokumenta.


Plandokument:

Plankart

Planføresegner

Planomtale

ROS-analyse

 

Handsaming:

Saksprotokoll – sak PFU – 6/21

Saksframlegg – sak PFU – 6/21
 

Planen med tilhøyrande saksdokument ligg i papirform på Jostedal hotell, Servicetorget i Rådhuset og på biblioteket på Pyramiden, Gaupne.

Lenke til planen på Kommunekart  

Trykk her for å koma direkte til planen i Luster kommune sitt planregister
 

Har du spørsmål?

Spørsmål knytt til planframlegget kan rettast til Luster kommune v/plansjef Knut Vidar Svanheld, tlf.: 57 68 55 07, e-post: Knut.Vidar.Svanheld@luster.kommune.no

 

Har du merknader?

Eventuelle merknadar må sendast skriftleg til Luster kommune, Pb 77, 6866 Gaupne eller på postmottak@luster.kommune.no

innan laurdag 27. mars 2021.

Informasjon om oppstart av planarbeid

 Jostedal, nærare bestemt Gjerde, er i kommuneplanen definert som eit av tre bygdesenter i kommunen. Bygdesenteret er konsentrert rundt butikken og hotellet.

Området har aldri vore regulert.  Bakgrunnen for regulering er eit ynskje om tryggare tilkomst for gåande/syklande som ferdast mellom butikk/hotell og byggefeltet og tryggare og betre parkeringsplass for butikken. I dag må handlande som parkerer ved butikken køyre/rygge ut i fylkesvegen for å snu.  Hotellet har i dag ein bratt og lite synleg tilkomstveg og litt lite parkeringsareal. Planen legg opp til å både betra tilkomsten til hotellet og utvida parkeringskapasiteten i sentrumsområdet. 

Utfordringa er at det er trongt mellom fylkesvegen og den bratte skråninga ned mot jordbruksområdet, og at det er også svært trongt mellom eksisterande bygningar. Heile sentrumsområdet som no vert regulert, er på knappe 10 daa og innafor dette området er det fylkesveg, butikk, bensinpumpe, hotell og to bustadhus. Campingplassen vert også med i planen.  Det er ei utfordring å finne løysingar som er til gode for alle som eig, bur og brukar sentrumsområdet. Løysingar som skal fungere både sommar og vinter. Planprogram for området har vore ute til offentleg ettersyn og er vedteke. Det var folkemøte på Gjerde i august og bygda stilte mannsterke for å komme med meiningar og ynskje. Alle innspela er vurderte og det er starta opp dialog med Vegvesenet for å sjå på løysingar som gjeld fylkesvegen.

Planprogram

Planavgrensing

 

Planstatus:
Oppstart vert meldt i februar 2013.
Planprogram vart vedteke mai 2015
Planutkast er enno ikkje ferdig utarbeida for politisk handsaming

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Luster kommune, v/planleggjar Inger Handegård, tlf. 57 68 55 91, E-post: inger.handegard@luster.kommune.no.