Utlegging til offentleg ettersyn

I samsvar med reglane i Plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10 og 11, har det faste utvalet for plansaker i møte 04.12.2018 vedteke å leggja reguleringsplanen ut til offentleg ettersyn. Planframlegg med tilhøyrande saksdokument er lagt ut til ettersyn i tida frå 08.12. – 26.01.2019.

Spørsmål til planframlegget kan rettast til planleggjar Inger Handegård tlf.: 57 68 55 91, e-post inger.handegard@luster.kommune.no   

Merknad til planframlegget kan sendast skriftleg innan 26. januar 2019 via høyringsskjema, på e-post til postmottak@luster.kommune.no  eller i post til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne.

Plandokument:

Handsaming:

 

Politisk handsaming Plan- og forvaltningsstyret 04.12.18

Plan- og forvaltningsstyret handsama saka i møte 4.12.18 sak 70/18.

Melding om oppstart av reguleringsplanarbeid

I samsvar med reglane i § 12-8 i plan- og bygningslova, blir det varsla oppstart av reguleringsarbeid for ein del av Gaupne sentrum.

Området er på ca. 9 daa, sjå kartutsnitt. Området er tidlegare regulert i to reguleringsplanar frå 1997-98. Formålet med omreguleringa er å gi plass til ombygging av Gaupne busenter med ny tilkomst. Aktuelle reguleringsføremål i planen er bygg og anlegg (offentleg tenesteyting – busenter og omsorgsenter, privat tenesteyting – bedehus, bustadtomt), anlegg for samferdsle og teknisk infrastruktur og grønstruktur - friområde, jf. § 12-5 i plan- og bygningslova.

Merknader og innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til:
Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne,  E-post: post@luster.kommune.no,
innan 20.08.2018. Merk innspel/merknad med plan-ID eller plannamn.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Luster kommune, v/planleggjar Inger Handegård, tlf. 57 68 55 91, E-post: inger.handegard@luster.kommune.no.  

Planavgrensing